Indrefjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Indrefjorden er den inste delen av Sunnlandsfjorden på nordsida av Austvågøy i Vågan kommune. Fjorden strekkjer seg 3 km sørover til Leirhellfloget.

Fjorden har innløp mellom Nedreneset i vest og Nesan i aust. Nedreneset er ein veglaus gard og utanom denne er det ikkje busetnader langs fjorden.