Inessiv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Inessiv er eit kasus som blir brukt til å merke visse adverbiale setningsledd. Grunntydinga til inessiv er i, inni. Inessiv finst i finsk, i andre austersjøfinske språk, og i visse samiske språk, mellom anna i sørsamisk.

Eit døme frå finsk er Kirja on laukussa «Boka er i veska» (laukku «veske»). Inessiv i samisk og finsk skil seg frå kvarandre ved at den finske inessiven er eit indre lokalkasus som kontrasterer med det ytre lokalkasuset adessiv, mens samiske språk ikkje har skilnaden, slik at inessiv i sørsamisk har eit større bruksområde, og tilsvarer både indre og ytre lokalkasus på finsk.

Inessiv kunne også ha vorte kalla lokativ, men i dei språka som har lokativ har lokativ gjerne eit vidare bruksområde.