Infiltrat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Infiltrat er den medisinske (legevitskaplege) nemninga på ei unormal, fast oppfylling i kroppsvev på grunn av opphoping av vevsvæske, puss, vevsrestar, eller som følgje av nydanna vev. Ved blindtarmbetennelse kan det til dømes danne seg eit infiltrat ikring blindtarmen inn mot bukhola, og dette vil kunne kjennast som ei smertefull oppfylling i høgre nedre delen av magen. Eit infiltrat kan òg vere ein diffus vekst i eit vev som fylgje av ein tilfriskingsprosess (altså eigenleg eit arr eller merke etter sår), eller skuldast ein diffus vekst av ein kreftsvulst.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Infiltrat i snl.no.