Influensa A(H1N1)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Influensa A-virus

Influensa A(H1N1), tidlegare kalla svineinfluensa, er ein alminneleg og i blant dødeleg luftvegssjukdom hos gris som kjem av eit influensavirus type A. Viruset spreier seg normalt ikkje til menneske, sjølv om smittetilfelle blir notert av og til, først og fremst mellom personar som har vore i direkte kontakt med grisar. Det mest kjende tidlegare utbrotet er frå 1976 på militærbasen Fort Dix i USA.

Eit svinevirusutbrot i Mexico og USA ramma menneske i 2009, med mange døde som følgje. Det vart raskt frykta at dette kunne vere starten på ein ny pandemi. Det særskilde viruset som er agens i dette utbrotet er tidlegare ikkje sett hos gris eller menneske.[1] Dette spesifikke viruset er ein av fleire tusen variantar av undergruppa (H1N1) av influensa A-virus.[2]

Smitte og symptom[endre | endre wikiteksten]

Viruset smitter mellom menneske på same vis som vanleg sesonginfluensa: ved hoste, nysing og nær kontakt med sjuke menneske. Symptoma på sjukdommen er dei same som ved vanleg influensa, som feber, hoste, vond hals, kroppsverk, hovudpine, frysingar og trøyttleik.

Behandling[endre | endre wikiteksten]

Det er utvikla ei særskild vaksine mot influensa A(H1N1). For dei som har sjukdommen, har vanleg influensamedisin som oseltamivir og zanamivir verknad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Influensa A(H1N1)- svineinfluensa: Spørsmål og svar». Folkehelseinstituttet. Arkivert frå originalen 3. mai 2009. Henta 3. mai 2009. 
  2. «Hadde gjerne sett et mer presist navn». Aftenposten. Henta 3. mai 2009.