Ingøy kyrkje
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Ingøy kyrkje | ||
| Generelt | ||
| Kyrkjesamfunn: | ||
| Bispedøme: | Nord-Hålogaland | |
| Prosti: | Hammerfest | |
| Fellesråd: | Måsøy | |
| Sokn: | Måsøy | |
| Innvigd: | 1957 | |
| Arkitektur | ||
| Type: | langkyrkje | |
| Arkitekt: | Eyvind Moestue | |
| Materiale: | betong og tre | |
| Kyrkjerommet | ||
| Plassar: | 120 | |
Ingøy kyrkje står i fiskeværet Ingøy nord på Ingøya i Måsøy kommune i Finnmark og er ei langkyrkje frå 1957 bygd i betong og tre. Arkitekt for bygget var Eyvind Moestue.
Innhaldsliste |
Tidlegare kyrkjer [endre]
Den fyrste kyrkja ein kjenner til på Ingøy var truleg frå 1300–1400-talet. På 1700-talet var denne kyrkja komen i svært dårleg stand, og i 1747 vart kyrkja flytt til Måsøya. I 1860-åra vart det igjen bygd kyrje på Ingøya. Denne kyrkja vart mykje skada i ein orkan og måtte gjenoppbyggast i 1880-åra. Kyrkja stod til ho vart brend ned av dei tyske styrkane då dei trekte seg ut av Finnmark i 1944. Dagens kyrkje vart bygd i åra 1956–1957.
Kulturminne [endre]
Ingøy kyrkje er eit kulturminne og har nummer 84723 i Riksantikvarens kulturminnebase.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Statsarkivet: «Måsøy sokneprestembete»
- «Oversikt over nåværende kirker» på nettstaden kirkekonsulenten.no
- Redaktør: Alf Henry Rasmussen «Ingøy kyrkje» på s. 100 i Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7
|
|
|
|---|---|
| Dyfjord · Gamvik · Gjesvær · Gunnarnes · Hammerfest · Havøysund · Honningsvåg · Hop · Ifjordfjellet · Indrefjord · Ingøy · Kjøllefjord · Kokelv · Kunes · Kvalsund · Lebesby · Mehamn · Måsøy · Repvåg · Sennalandet · Skarsvåg · Slettnes · Slåtten · Veidnes |