Inga frå Varteig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Inga frå Varteig (11851234) er kjend som mor til Håkon Håkonsson som ho fekk med kong Håkon Sverresson. Inga var ikkje gift med kongen, men bar jernbyrd for å prova at sonen var av kongeleg ætt.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Inga Ingedotter vart fødd i Varteig i nærleiken av Sarpsborg. Truleg høyrde ho til ei god bondeslekt i Østfold. Det blei sagt av ho var svært vakker. Under eit opphald hjå frenden sin, Audun, ein av dei gjævaste mennene i Borg (Sarpsborg), vart ho kjend med med Håkon Sverresson. Kjennskapen vart intim, og ho vart seinare gravid med barnet som skulle verte den store kongen av Noreg, Håkon Håkonsson. I fylgje Håkon Håkonssons saga budde «Inga i kong Håkon sitt hus, kongen delte seng med henne; Håkon Galen og fleire av dei han hadde mest tillit til visste om det.» Kanskje såg ho den framtidige kjærasten sin for fyrste gong då han skulle hyllast på Borgartinget i 1202.

Borgarkrigen i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Håkon Sverresson fekk regjera i knappe to år før han brått døydde på nyttårsdagen i 1204. Det ryktast at han var forgifta; det skulle til og med vera stemor hans, enkedronning Margrete, som stod bak. Inga fødde sonen deira nokre månader etter dødsfallet.

Med kongen døydde freden i Noreg, som blei delt mellom profesjonelle krigarar av baglarar («fredspartiet») på den eine sida og birkebeinar («krigspartiet») på den andre sida.

Birkebeinane støtta barnekongen Guttorm Sigurdsson, ein soneson av kong Sverre, men han døydde same året. Baglarane fremma Filippus Simonsson, dotterson av dronninga til Harald Gille og søsterson av den krigerske Oslo-bispen Nikolas Arneson. Biskopen hadde sjølv kongskrav til trona ved å vera son av enka etter Harald Gille, Ingerid, og var ein ihuga motstandar av kong Sverre og hans krets.

Det var svært farleg å bera på ein mogleg tronarving midt inne i baglarriket, og Inga frå Varteig var i ei vanskeleg stilling. Medan ho gjekk svanger blei ho sviken av frendane sine. Ho måtte dra heimefrå og blei teken imot av Erland på Huseby i Eidsberg. Inga heldt til på nabogarden Folkenborg i Eidsberg då ho fødde Håkon i 1204.

På flukt om vinteren[endre | endre wikiteksten]

Birkebeinane flyktar med sonen til Inga, kongsemnet Håkon, til Nidaros i 1206. (Knud Bergslien, 1869)

I 1205 drog Inga med vesle Håkon til Hamarjulaftan, men av frykt for baglarane som leitte etter ungen reiste ho straks vidare til Lillehammer, der ho gøymde seg i jula.

Ein flokk birkebeinar tok i januar 1206 med seg mor og barn over fjellet, frå Lillehammer til Østerdalen, med biskop Nikolas og baglarane etter seg. Kunne dei koma fram til kongsgarden på Nidaros, der birkebeinane stod sterkt, ville guten vera trygg.

Flokken drog austover fjellet fordi dei meinte det var for farleg å ta den vanlege vegen nordover Gudbrandsdalen. Men vêr og føre var ikkje det beste, og til slutt lyt dei to beste skiløparane, Torstein Skevla og Skjervald Srukka, gå i førevegen og berga guten. Dei fann ly i ei utløe, der dei smelta snø for å gje han drikke. Soga gjev rom for å tru at Inga vart vist vegen til løa og vart med vidare på ferda.

Sonen til Inga vert konge av Noreg[endre | endre wikiteksten]

No gjekk birkebeinane til val i Nidaros med Håkon, frillesonen til Håkon Sverresson, som kongsemne. Jarlen Skule Bårdsson, halvbror av kong Inge Bårdsson som sjølv gjerne skulle blitt konge, blei overrumpla.

Birkebeinane spelte eit dristig spel. Dei kravde at ein skulle sjå bort frå at Håkon var fødd utanfor ekteskap med ein farskap ein berre hadde ordet til Inga frå Varteigs for. Dei geistlege i Nidaros nekta å godta andre enn Skule Bårdsson, men erkebiskop Guttorm var på visitas i Hålogaland.

Birkebeinane sette hardt mot hardt og stemna Øyrating på eiga hand. Her la veteranen frå kong Sverres dagar, Dagfinn Bonde frå Bergen, fram eit brev frå birkebeinane på Gulating som ikkje ville godta andre enn Håkon Håkonsson. Sjølv om prestane stritta imot — dei ville ikkje bera ut skrinet til Heilag-Olav til å svor kongseiden på, og nekta Inga å bera jernbyrd for sonen — fekk til slutt tilhengjarane hylla Håkon som konge. Skule Bårdsson fortsette å så tvil om opphavet hans, og nekta å svor nokon eid til Håkon Håkonsson.

Kroninga blei gjenteken i Bergen nokre månader seinare, der Håkon fekk svor kongseiden på skrinet til den heilage Sunniva. No svor Skule eiden, men utforma han slik at han sjølv blei medrekna.

Jernbyrd[endre | endre wikiteksten]

Historikarar trur at Inga kongsmor, kort etter at Håkons blei født i 1204, gifta seg med birkebeinarhøvdingen Vegard frå Verdal. I dette ekteskapet fødde ho seinare sonen Olav Vegardsson.

Dette var ikkje eit hinder for at ho i 1218 endeleg kunne «bera jern» for sanninga om at kong Håkon var son av Håkon Sverresson. «Jernbyrd» vil seia at ein ber glødande jern utan å få brannsår. Harald Gille (11301136) hadde tidlegare gått på glødande jern for å visa at han hadde rett på kongstrona.

Etterspel[endre | endre wikiteksten]

Inga vart aldri dronning, men ho er ei av noregshistorias mest særeigne skikkelsar. Ho fekk oppleve å sjå sonen sin som ein av Noregs største kongar. Håkon Håkonsson (12041263) skapte fred i Noreg etter dei opprivande borgarkrigane og under Håkons styre hadde Noregsveldet ei stordomstid i mellomalderen.

Etter Vegards død i 1221 blir ho nemnd ein og annan gong i Håkon Håkonssons saga. Kongsmora Inga døydde i Bergen i 1234.

Utanfor det tidlegare kommunehuset i Varteig står det ein bauta til minne om Inga frå Varteig, som ho har vorte kalla etter at Henrik Ibsen skreiv Kongs-Emnerne.

Inga Låmi, Noregs største skimønstring for kvinner, er kalla opp etter Inga frå Varteig. Det blir arrangert frå Birkebeineren Skistadion i Lillehammer andre helga i mars kvart år. Det første rennet i 1993 hadde 1 638 påmelde. Til Inga-låmi i 2002 melde det seg over 5 000 jenter i alle aldrar.