Ingalill Olsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ingalill Olsen

Ingalill Olsen (fødd 15. desember 1955 i Måsøy) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho er leiar i Finnmark Arbeidarparti og har lang lokalpolitisk erfaring frå Måsøy, der ho var ordførar frå 1995 til ho vart valt inn på Stortinget i 2009. I den siste perioden hennar som ordførar hadde Arbeidarpartiet reint fleirtal i kommunestyret med 9 av 17 representantar. Olsen var tredjekandidat til Stortinget i 2009, og vart valt då Arbeidarpartiet gjorde eit sterkt val og kapra distriktsmandatet til Olsens frå Sosialistisk Venstreparti.

På Stortinget er Olsen medlem av kommunal- og forvaltingskomiteen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]