Ingared

Koordinatar: 57°51′9.1404″N 12°27′23.479″E / 57.852539000°N 12.45652194°E / 57.852539000; 12.45652194
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

57°51′9.1404″N 12°27′23.479″E / 57.852539000°N 12.45652194°E / 57.852539000; 12.45652194 Ingared er ein svensk tettstad i Alingsås kommun i Västra Götalands län i landskapet Västergötland. I 2005 hadde tettstaden 1 216 innbyggjarar. Ingared ligg cirka 11 kilometer sørvest for Alingsås.

Ingared består nesten utelukkande av bustadområde, då dei fleste innbyggjarane pendlar til Alingsås, Lerum eller Göteborg. I Ingared finst det barnehage og skule opp til sjette klasse. Det finst òg ein eldreheim med distriktssjukepleiar. Av idrettsanlegg er det lysløype, fleire tennisbanar, fotballbanar for sjumannslag og ein bane for strandvolleyball.

Ingared vert tent av busser mellom Hemsjö kyrka og Norsesund ved Västra stambanan, som ligg to kilometer via gang-/sykkelsti unna. Det går òg rutebusser til Alingsås og Tollered langs E20.

Hemsjö IF er idrettslaget på staden med aktivitetar som bordtennis, fotball og turn. Mange av aktivitetane finn stad i Ingaredshallen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]