Inge Aicher-Scholl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Inge Aicher-Scholl
Statsborgarskap Tyskland
Fødd 11. august 1917
Ingersheim an der Jagst
Død

4. september 1998 (81 år)
Leutkirch im Allgäu

Yrke skribent, motstandskjempar
Språk tysk
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Far Robert Scholl
Ektefelle Otl Aicher
Inge Aicher-Scholl på Commons

Inge Aicher-Scholl (11. august 19174. september 1998) var søster av Hans og Sophie Scholl, som under andre verdskrigen blei avretta for sitt arbeid mot nazismen i Tyskland. Ho studerte saman med dei i München, og var medlem av gruppa Den kvite rosa. Etter krigen tok slutt skreiv ho fleire bøker om motstandsgruppa.

Hans og Sophie Scholl blei arrestert i februar 1943 etter å ha delt ut løpesedlar på Ludwig-Maximilians-Universität München. Saman med eit anna medlem av gruppa, Christoph Probst, blei dei avretta den 22. februar same året. Inge og andre medlemmer av Schollfamilien blei arrestert og forhøyrt, men alle blei sleppt fri.

Ho gifta seg etter krigen tok slutt med Otl Aicher, ein av dei fremste grafiske designarane i Tyskland. Dei grunnla saman ein skule for vaksenopplæring i Ulm. Ho var i andre halvdel av det 20. hundreåret sterkt involvert i fredsrørsla.

Inge Aicher-Scholl døydde av kreft i 1998.