Inge Andersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Inge Andersen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. mai 1964 (59 år)
Bergen

Inge Andersen (fødd 22. mai 1964) er ein norsk idrettsleiar og idrettstrenar som er generalsekretær i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité. Andersen er også leiar i Idrettens Studieforbund og styremedlem i Senter for Prestasjonsutvikling. Han er busett i Oslo.

Andersen vart generalsekretær i Norges Idrettsforbund i 2004. Han har tidlegare vore tilsett i Finansbanken (2001–2003) og i Storebrand Bank (2003–2004). I tillegg har han vore trenar for det norske kvinnelandslaget i langrenn, juniorlandslaga til Norges Skiforbund, det sveitsiske langrennslandslaget for kvinner og menn og Team Postgiro.

Andersen har hovudfag frå Norges idrettshøgskole, der han også arbeidde som stipendiat i 1993–1994 i samband med dr.scient.-studium.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Knut Olav Åmås [red.]: «Andersen, Inge» i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008)