Inge Edler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Inge Edler

Statsborgarskap Sverige
Fødd 17. mars 1911
Burlövs kommun
Død

7. mars 2001 (89 år)

Yrke lege, kardiolog
Språk engelsk

Inge Gudmar Edler (17. mars 19117. mars 2001) var ein svensk lege. Saman med ingeniøren Carl Hellmuth Hertz laga han dei første bileta av eit hjarte med ultralyd (ekkokardiografi), 29. oktober 1953.

Inge Edler var leiar av det kardiologiske laboratoriet ved universitetsjukhuset i Lund då han og Hertz lånte eit ultralydapparat nytta til materialprøving frå skipsverftet Kockums. Etter å ha modifisert det så bileta kunne lagrast, gjorde dei opptak av eit hjarte.

Edler og Hertz fikk Laskerprisen i 1977 for oppdaginga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]