Inge II av Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Inge II Bårdson (118523. april 1217), norrønt Ingi Bárðarson, var konge av Noreg frå 1204 til 1217. Styringstida hans var mot slutten av borgarkrigstida i norsk historie. Inge var birkebeinane sin konge. Kvitsøyforliket med baglane i 1208 førte til fred i dei siste ni åra av kong Inge si styringstid, mot at Inge og birkebeinane godkjende baglarstyret over Vika (Oslofjordområdet).

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Faren til Inge, Bård Guttormsson, var ein framståande lendmann frå Trøndelag. Han var ein tidleg tilhengjar av kong Sverre, birkebeinarkongen som vann makta seint på 1100-talet etter mange år med krigføring mot kong Magnus Erlingsson. Mora til Inge, Cecilia, var dotter av kong Sigurd Munn. Ho hadde vore gift med lagmannen Folkvid i Värmland i Sverige. Etter at broren hennar, Sverre, hadde vorte konge av Noreg forlet ho mannen sin og reiste til Sverre i Noreg. Ho hevda at ho hadde blitt gifta bort til Folkvid mot viljen sin. Erkebiskopen annullerte ekteskapet hennar med Folkvid, og Sverre gav ho i ekteskap til den trufaste støttespelaren sin, Bård Guttormsson. Inge var einaste sonen til Bård og Cecilia.

Tronfylgje[endre | endre wikiteksten]

Etter at kong Sverre døydde i 1202 døydde sonen, Håkon Sverresson og sonesonen, Guttorm Sigurdsson, i løpet av to år. Birkebeinane hadde dermed ingen direkte etterkomarar av Sverre som dei kunne velja til konge, då dei endå ikkje visste om Håkon Håkonsson, ein siste soneson av kong Sverre. Sverre sine gamle fiendar, baglane, utnytta stoda til å gjera ei hærferd til Vika under kongen sin, Erling Steinvegg, og erklæra han som norsk konge. Etter at den fire år gamle kong Guttorm døydde i 1204 trong birkebeinane ein sterk leiar for å motstå det nye trugsmålet frå baglane. Birkebeinane sine militære leiarar ynskte jarlen Håkon Galen, som hadde styrt kongedømet som formyndar for kong Guttorm. Håkon var ein eldre halvbror av kong Inge, son av Cecilia og Folkvid. Erkebiskop Eirik Ivarsson av Nidaros allierte seg med bøndene i Trøndelag og kravde at Inge, som til då hadde styrt Trøndelag under Guttorm, skulle bli konge. På tinget kom dei fram til eit forlik, slik at Inge vart konge, men Håkon vart leiar for hæren, og fekk halve den kongelege inntekta.

Regjeringstid[endre | endre wikiteksten]

I dei neste fire åra var det omfattande krigføring mellom birkebeinar og baglar. Baglarkongen Erling døydde i 1206, men baglane heldt fram krigføringa under den nye kongen sin, Filippus Simonsson. Baglane hadde stort sett kontroll over Vika, med byane Tønsberg og Oslo, kong Inge kontrollerte Trøndelag med Nidaros, medan Bergen vart erobra og gjenerobra fleire gonger. 22. april 1206 gjorde baglane åtak på Nidaros under brudlaupsfeiringa til Inge si syster, Sigrid. Inge sjølv slapp så vidt unna med livet i behald etter å ha symd over Nidelva i iskalde temperaturar. Året etter vann birkebeinane ein siger over baglane i deira hovudsete, Tønsberg, men kampane heldt fram utan at noko side klarde å få eit klart overtak. Hausten 1207 starta tingingar mellom erkebiskop Tore av Nidaros og biskop Nikolas av Oslo, ein av baglane sine leiarar, om ein fredsavtale. Eit møte mellom kongane Inge og Filippus og Håkon jarl, vart avtalt i Kvitsøy i Rogaland, hausten 1208. Filippus gjekk der med på å sei frå seg kongsnamnet og kongsseglet sitt. Han skulle halda fram å styra over Austlandet med Viken, utanom Båhuslen, med jarlsnamn under kong Inge. Håkon jarl fekk Vestlandet med Bergen. Inge skulle vera einekonge, stå over Filippus og Håkon, og ha direkte styre over Trøndelag og Nord-Noreg. For å styrka fredsavtalen gifta Filippus seg med kong Sverre si dotter, Inge sitt syskenborn, Kristina Sverresdotter.

Sjølv om Filippus ikkje overheldt alle vedtaka, heldt fram å bruka kongsnamn, og beheldt kongeseglet sitt, heldt freden mellom birkebeinar og baglar i resten av regjeringstida til Inge. Tilhøvet mellom Inge og broren Håkon ser ut til å ha vore spent. Etter at det vart klart at Filippus heldt fram å bruka kongsnamnet, freista Håkon å få gitt seg sjølv kongsnamn òg, men Inge nekta å gå med på dette. I staden vart det semje om ein avtale om at den av brørne som levde lengst skulle arva den andre. Ein ektefødd son av ein av dei skulle arva begge. Håkon hadde ein ektefødd son, medan Inge berre hadde ein frilleson, Guttorm (fødd 1206), med frilla Gyrid. I 1214 slo Inge ned ein oppreist av bøndene i Trøndelag. Håkon vart mistenkt for å ha vore med å eggja til oppreisten. Det kom likevel aldri til open konflikt mellom brørne, og Håkon døydde av sjukdom i Bergen, like etter jol 1214. Inge tok over direkte styre over hans del av kongeriket.

I 1217 vart Inge sjuk i Nidaros. Medan han var sjuk utnemnde han den yngre halvbroren sin, Skule Bårdsson, til jarl og leiar for hæren. 23. april 1217 døydde Inge. Han vart gravlagd i Nidarosdomen. Han vart etterfylgd som konge av den 13 år gamle Håkon Håkonsson, ein uektefødd son av kong Håkon Sverresson, som hadde vokse opp i kong Inge og Håkon sin hird sidan han vart brakt til dei i 1206. Skule heldt fram å bera tittelen jarl og var de facto herskar over kongeriket medan Håkon Håkonsson var mindreårig.

Inge sitt ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Mange historikarar har sett Inge som ein heller svak konge. Han oppnådde aldri kontroll over heile Noreg, og gjekk med på ein maktfordelingsavtale med baglane, som han heldt sjølv etter at Filippus braut avtalen og heldt fram å bruka kongsnamnet. Som ein reaksjon mot dette synet, har andre hevda at Inge var ein sterk herskar, i og med at han kunne motstå presset frå dei meir krigerske blant birkebeinane og fekk ein slutt på dei øydeleggjande borgarkrigane for ei stund.

Baglarsoga - ei samtidig kjelde - omtalar Inge som ein stille og roleg mann, som heldt seg unna drikkegilde og føretrekte å halda seg i sine eigne rom med nære vener - eit karaktertrekk som vart rekna som negativt av somme av mennene hans. Han hadde veik helse etter angrepet på Nidaros i 1206.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Den fremste kjelda til Inge si regjeringstid er baglarsoga, som finst i to versjonar som truleg vart skrivne kort tid etter at Inge døydde. Inge er òg nemnt i starten på Håkon Håkonssons saga. Det første norske kongebrevet som har blitt bevart stammar frå Inge si regjeringstid, men det vart skrive av rivalen hans, Filippus.