Inge Ryan
Inge Ryan (fødd 15. august 1956 i Overhalla i Nord-Trøndelag) er ein norsk politikar frå SV.
Frå 2. november 2009 er han fylkesmann i Nord-Trøndelag.[1] Ryan var ordførar i Namsskogan kommune i perioden 1991–1995, medlem av Nord-Trøndelag fylkesting 1991–2001, nestleiar i SV 1997–2001, stortingsrepresentant 2001–2009 og parlamentarisk leiar i SV 2005–2009. Han er særleg oppteken av distriktspolitikk.
Biografi [endre]
Ryan har studert historie ved Nordland distrikthøgskole i Bodø, og har pedagogisk utdanning frå Universitetet i Trondheim og leiarutdanning frå Høgskolen i Levanger. I tillegg har han utdanning frå lærarskole i Alta] og Levanger 1977–1980, og han arbeidde som lærar i periodane 1975–1977 og 1980–1987 og som rektor 1987–1991. Han var lærar og pedagogisk konsulent 1991–1992, distriktsarbeidssjef 1994–1997 og dagleg leiar i Indre Namdal regionråd 1997–2001.
Ryan var ordførar i Namsskogan 1991–1995, varaordførar 1995–1999 og kommunestyremedlem 1999–2001. Han var leiar i Namsskogan SV 1992–1994, fylkestingsmedlem 1991–1995, og deretter medlem av fylkesutvalet 1995–2001.
19. juni 2008 offentleggjorde Ryan at han ikkje tok attval til Stortinget i 2009. Han vart i statsråd 19. desember 2008 utnemnd til fylkesmann i Nord-Trøndelag for ein periode på seks år, og trådde til då stortingsperioden var over.[2]
Ryan gifta seg hausten 2005 med kollegaen Bjørg Tørresdal frå (KrF).
Stortingskomitear [endre]
- 2005–2009 medlem i Valkomiteen
- 2005–2009 1. nestleiar i Kontroll- og konstitusjonskomiteen
- 2005–2009 medlem i Den utvida utanrikskomiteen
- 2001–2005 medlem i Næringskomiteen
- 2001–2005 medlem i Valgkomiteen
Referansar [endre]
- ↑ Ny fylkesmann på plass - Fylkesmannen i Nord-Trøndelag. Vitja 20. august 2010.
- ↑ Offisielt frå statsrådet 19. desember 2008 Regjeringa.no. Vitja 20. august 2010.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Biografi: Ryan, Inge Stortinget.no
| Føregjengar — |
Ordførar i Namsskogan 1991–1995 |
Etterfylgjar Kåre Vik |