Ingeborg Bachmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Byste i Klagenfurt
Signatur
Ingeborg Bachmann: Graffiti av Jef Aerosol i Robert-Musil-Literatur-Museum i Klagenfurt

Ingeborg Bachmann (fødd 25. juni 1926 i Klagenfurt i Austerrike, død 17. oktober 1973 i Roma) var ein av dei viktigaste tyskspråklege lyrikarane og prosaforfattarane på 1900-talet. Ho skreiv i blant under pseudonymet «Ruth Keller».

Liv[endre | endre wikiteksten]

Ingeborg Bachmann voks opp i Kärnten og var det første barnet til rektoren Mathias Bachmann og Olga Haas. Som barn hadde ho ambisjonar om å bli musikar og tok til å komponere musikk og skrive dikt allereie i ung alder. Frå 1945 til 1950 studerte ho filosofi, psykologi, germanistikk og rettsvitskap ved universiteta i Innsbruck, Graz og Wien. Doktorarbeidet[1] var ei kritisk analyse av Martin Heidegger sin eksistensialisme.[2]

Magasinet Kärntner Illustrierte publiserte i 1946 den vesle novella «Die Fähre», og det var det første verket Ingeborg Bachmann fekk på trykk.[3] I studietida blei Bachmann kjend med Paul Celan, Ilse Aichinger og Klaus Demus. Ho hadde eit kjærleiksforhold til Celan på slutten av 1940- og og byrjinga av 1950 åra. Eit brev i buet etter den austerrikske filosofen Jacob Taubes frå 1981, som blei publisert i 2005, syner at Ingeborg Bachmann på eit tidspunkt òg hadde eit kjærleiksforhold med Taubes.[4]

Etter at Bachmann var uteksaminert ved universitetet arbeidde ho i 1951–1953 ved den allierte radiostasjonen Rot-Weiß-Rot i Wien. Her skreiv ho sitt første høyrespel Ein Geschäft mit Träumen og forfatta elleve episodar i det svært populære vekentlege programmet Radiofamilie – at det var ho som skreiv dei blei ikkje kjend før lenge etter at ho var død.[5][6]

I 1953 las ho for første gong opp på eit Gruppe 47-møte og gjorde si første reise til Italia. Same år fekk ho Gruppe 47 sin litteraturpris for diktsamlinga Die gestundete Zeit. Frå seinsommaren same år budde ho i Ischia, Napoli, til slutt Roma. I august hadde det tyske vekebladet Der Spiegel ein hovudartikkelen om henne og med det blei ho kjend for eit større publikum.[7][8] Frå 1955 samarbeidde ho med komponisten Hans Werner Henze ved å skrive høyrespelet Die Zikaden, tekstversjonen til ballettpantomimen Der Idiot og operalibrettoane til Der Prinz von Homburg og Der junge Lord.

Bachmann budde i Roma i sambuarskap med den sveitsiske forfattaren Max Frisch frå 1960. For den første novellesamlinga si, Das dreißigste Jahr (1961), vann ho den tyske kritikarprisen (Deutscher Kritikerpreis). Ho blei òg medlem av Berlin kunstakademi (Akademie der Künste). To av hennar forteljingar med eit eksplisitt kvinneperspektiv, Ein Schritt nach Gomorrha og Undine geht høyrer til dei tidlegaste døma på feministiske ytringar i den tyskspråklege etterkrigslitteraturen.[9]

Samlivet med Frisch tok slutt i 1962. Ingeborg Bachmann takla brotet dårleg, og ho måtte ved fleire høve legge seg inn på sjukehus. I 1963 fekk ho eit eittårig «Artist in Residence»-stipend frå Ford Foundation og med det i lomma reiste ho til Berlin der ho blei buande til 1965. Ho byrja å arbeide på romantrilogien Todesarten, men berre første band, Malina (1971) blei ferdigskriven. Dei to andre, Der Fall Franza og Requiem für Fanny Goldmann blei publisert som fragment i 1979. Desse seine arbeida til Bachmann reknar kvinneforskarar som «paradigmatisk kvinnelitteratur».[10]

I 1964 vann Ingeborg Bachmann Georg-Büchner-Preis. Året etter reiste ho attende til Roma. Ho var no avhengig av tablettar og publiserte berre sporadisk nokre dikt. I 1967 forlét ho Piper Verlag fordi dei hadde gjeve den tidlegare Hitlerjugend-leiaren Hans Baumann i oppdrag å omsette Anna Akhmatova sin diktsyklus Requiem. Ho skifta over til Suhrkamp Verlag etter at Paul Celan anbefalte forlaget. I sitt siste brev til Bachmann frå 30. juli 1967 takka Celan for engasjementet hennar i «Akhmatova-affæren».[11] Novellesamlinga Simultan (1972) blei løna med Anton-Wildgans-Preis, men Marcel Reich-Ranicki kritiserte samlinga som «affektert-anakronistisk prosa».[12]

Via Giulia 66 i Roma - Ingeborg Bachmann sin siste bustad

Natta til 26. september 1973 blei Ingeborg Bachmann hardt skadd under ein brann i leilegheita si i Roma. På grunn av de mangeårige storforbruket av roande middel (barbituratar) – noko dei behandlande legane først ikkje var klår over – døydde ho 17. oktober 1973 av alvorlege abstinenssymptom (konvulsjonar som likna epileptiske anfall).[13] Det italienske politiet etterforska først brannen som mogleg mordbrann, men det blir no rekna som sannsynleg at brannen starta ved at ho sovna frå ein brennande sigarett. Ho skal ha tatt opp til 100 tablettar om dagen og denne sterke dosen hadde gjort henne så ufølsam for smerte at Alfred Grisel, som vitja henne i starten av august 1973, fortalde at han såg brennande oske frå Gauloises-sigarettane ho røykte falle ned på armen uten at ho reagerte, og at kroppen hennar var nåbleik og full av merke etter brennande oske.[14]

Ingeborg Bachmann er bisett på gravplassen Zentralfriedhof Annabichl i Klagenfurt.

Heinrich Böll skreiv ein nekrolog i Der Spiegel der han beskreiv ho som ein «briljant intellektuell som i poesien sin korkje veik unna sensualitet eller neglisjerte abstraksjon.»[15]

Ho etterlét seg 6 000 manuskriptsider som sidan 1979 har vorte oppbevart i Österreichische Nationalbibliothek.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Ein litteraturkonkurranse i Klagenfurt har sidan 1977 delt ut Ingeborg-Bachmann-Preis; den blir rekna som ein av dei viktigaste litteraturprisane i det tyske språkområdet.

I Klagenfurt har eit gymnas fått namnet «Ingeborg Bachmann-Gymnasium», og i Wien er «Ingeborg-Bachmann-Platz» i 22. Bezirk kalla opp etter henne.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Bachmann sitt dikt Wahrlich på ein husfasade i Leiden.

Lyrikk[endre | endre wikiteksten]

  • 1953: Die gestundete Zeit
  • 1956: Anrufung des großen Bären, med:
    • Reklame
  • 1998: Letzte, unveröffentlichte Gedichte
  • 2000: Ich weiß keine bessere Welt

Prosa[endre | endre wikiteksten]

  • ca 1944: Das Honditschkreuz
  • 1946: Die Fähre
  • 1949: Im Himmel und auf Erden, Das Lächeln der Sphinx, Die Karawane und die Auferstehung
  • 1951: Der Kommandant
  • 1952: Auch ich habe in Arkadien gelebt, Ein Geschäft mit Träumen
  • ca 1956: Portrait von Anna Maria
  • 1959: Der Schweißer, Der Hinkende
  • 1961: Das dreißigste Jahr, ei novellesamling med blant anna
    • Undine geht
  • 1966: Der Fall Franza
  • 1971: Malina, 1990 filma av Werner Schroeter og Elfriede Jelinek.
  • 1972: Simultan
  • 1995: „Todesarten“-Projekt. Kritische Ausgabe

Høyrespel[endre | endre wikiteksten]

  • 1952/53: Die Radiofamilie (14 episodar)[16] [17]
  • 1952: Ein Geschäft mit Träumen
  • 1955: Die Zikaden
  • 1958: Der gute Gott von Manhattan

Libretti[endre | endre wikiteksten]

  • 1952: Ein Monolog des Fürsten Myschkin
  • 1960: Der Prinz von Homburg
  • 1965: Der junge Lord

Essays[endre | endre wikiteksten]

  • 1960: Probleme zeitgenössischer Dichtung
  • 1965: Ein Ort für Zufälle
  • 1981: Die Wahrheit ist dem Menschen zumutbar
  • 1998: Römische Reportagen – Eine Wiederentdeckung
  • 2005: Kritische Schriften

Brevsamlingar[endre | endre wikiteksten]

  • Ingeborg Bachmann & Hans Werner Henze: Briefe einer Freundschaft. Red. Hans Höller. Forord av Hans Werner Henze. Piper, München 2004. ISBN 3-492-04608-8
  • Herzzeit. Der Briefwechsel zwischen Ingeborg Bachmann und Paul Celan. Med koorespondansen mellom Paul Celan og Max Frisch, og mellom Ingeborg Bachmann og Gisèle Celan-Lestrange. Rediogert og kommentert av Bertrand Badiou, Hans Höller, Andrea Stoll og Barbara Wiedemann, Suhrkamp Frankfurt 2008. ISBN 3-518-42033-X
  • Ingeborg Bachmann: Kriegstagebuch. Mit Briefen von Jack Hamesh an Ingeborg Bachmann. Utgjven med eit etterord av Hans Höller. Suhrkamp, Berlin 2010. ISBN 978-3-518-42145-1

Omsettingar og gjendiktingar til norsk[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Monika Albrecht (red): Bachmann-Handbuch. Leben, Werk, Wirkung. Metzler, Stuttgart 2002. ISBN 3-476-01810-5
  • Heinz Ludwig Arnold (red.): Ingeborg Bachmann. Text + Kritik, München 1984. ISBN 3-88377-189-9
  • Kurt Bartsch: Ingeborg Bachmann. Metzler, Stuttgart 1988. ISBN 3-476-10242-4
  • Peter Beicken: Ingeborg Bachmann. Beck, München 1988. ISBN 3-406-32277-8
  • Theo Breuer: «Ingeborg Bachmann. Sämtliche Gedichte (2002)». I Aus dem Hinterland. Lyrik nach 2000, Edition YE, Sistig/Eifel 2005, S. 355-357.
  • Andreas Hapkemeyer: Ingeborg Bachmann. Entwicklungslinien in Werk und Leben. Verlag der Österreichischen Akademie der Wissenschaften, Wien 1990. ISBN 3-7001-1759-0
  • Joachim Hoell: Ingeborg Bachmann. München, dtv 2004, ISBN 3-423-31051-0
  • Hans Höller: Ingeborg Bachmann. Reinbek, Rowohlt 1999, ISBN 3-499-50545-2
  • Doris Hildesheim: Ingeborg Bachmann: Todesbilder, Todessehnsucht und Sprachverlust in „Malina“ und „Antigone“. Weißensee, Berlin, 2000 ISBN 978-3-934479-34-0
  • Herbert Hopfgartner: Ingeborg Bachmann und die Musik. Universität Warschau, Studien zur Deutschkunde (XXIX. Band, red. Lech Kolago) Warschau 2005, ISSN 0208-4597
  • Ariane Huml: „Silben im Oleander, Wort im Akaziengrün.“ Zum literarischen Italienbild Ingeborg Bachmanns. Wallstein, Göttingen 1999. ISBN 3-89244-330-0
  • Christine Kanz: Angst und Geschlechterdifferenzen. Ingeborg Bachmanns „Todesarten“-Projekt in Kontexten der Gegenwartsliteratur. Metzler, Stuttgart 1999. ISBN 3-476-01674-9.
  • Holger Pausch: Ingeborg Bachmann. Colloquium, Berlin 1987. ISBN 3-7678-0685-1
  • Oliver Simons und Elisabeth Wagner Hgg.: Bachmanns Medien. Vorwerk 8, Berlin 2008, ISBN 978-3-930916-98-6
  • Frauke Meyer-Gosau: „Einmal muss das Fest ja kommen.“ Eine Reise zu Ingeborg Bachmann. Beck, München 2008, ISBN 978-3-406-57686-7
  • Michèle Pommé: Ingeborg Bachmann, Elfriede Jelinek. Intertextuelle Schreibstrategien in „Malina“, „Das Buch Franza“, „Die Klavierspielerin“ und „Der Tod und das Mädchen V (Die Wand)“. Reihe: Kunst und Gesellschaft - Studien zur Kultur im 20. und 21. Jahrhundert, 6. Röhrig, St. Ingbert 2009, ISBN 978-3-86110-462-9

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Katalogzettel Universitätsbibliothek Wien
  2. Brinker-Gabler, Gisela; Zisselsberger, Markus (2004). If We Had the Word: Ingeborg Bachmann Views and Reviews. Riverside, CA, USA: Ariadne Press. ss. 2. ISBN 9781572411302. 
  3. Kärntner Illustrierte: Abb. 4: Die erste Veröffentlichung von Ingeborg Bachmann, die Kurzerzählung: „Die Fähre“. Henta 6. januar 2012.
  4. I Trajekte (Zeitschrift des Zentrums für Literaturforschung Berlin). nr. 10, 5. årgang, april 2005; sjå òg Ingeborg-Bachmann-Forum
  5. Ingeborg Bachmann: Die Radiofamilie. Red. Joseph McVeigh, Suhrkamp, Berlin 2011, ISBN 978-3-518-42215-1, s. 402 f.
  6. Ina Hartwig: „Die Ingeborg hat ein Ei gelegt.“ Im Nachlass entdeckt: „Die Radiofamilie“. Ingeborg Bachmann überrascht als famose Unterhaltungsautorin. I: vekeavisa Die Zeit, Hamburg, nr. 22, 26. mai 2011, s. 54
  7. http://www.spiegel.de/spiegel/print/index-2010.html GEDICHTE AUS DEM DEUTSCHEN GHETTO] på spiegel.de
  8. Stenogramm der Zeit på spiegel.de
  9. Biografi på fembio.org
  10. Paradigma weiblichen Schreibens, sjå austria-lexikon.at kortbiografi på austria-lexikon.at
  11. Briefwechsel Bachmann / Celan, a.a.O. S. 159 und 344
  12. «preziös-anachronistische Prosa», Berliner Allgemeine Zeitung 16. mars 1973).
  13. Ingeborg Bachmann: Die Grenzgängerin aus Kärnten
  14. Peter Beicken: Ingeborg Bachmann. Becksche Reihe 605, 2. opplag, München 1992, s. 213.
  15. „brillante Intellektuelle“, die „in ihrer Poesie weder Sinnlichkeit einbüßte noch Abstraktion vernachlässigte“, «Ich denke an sie wie an ein Mädchen» i Der Spiegel nr=43/1973, s.206
  16. dradio Kultur - Unterhaltsame Dramolette: Ingeborg Bachmann: Die Radiofamilie.
  17. Die Seifenopern der Bachmann.
  18. Das Faustische in Onkel Guido i: FAZ frå 1. juli 2011, side 36

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]