Ingeborg Marianne Svabø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ingeborg Marianne Svabø (17971861) var ei norsk gjestgjevarkone og jordmor frå Sygnefest i Gulen kommune.

Faren hennar, Johannes Gloppe, flytte til Gulen frå Solund for å ta over gjestgjevarstaden på Sygnefest. Her voks Ingeborg Marianne opp. Ho gifte seg med Peder Davidson Svabø, som hadde flytt til Sygnefest frå Indre Kroken i Luster. På heimstaden hadde han drive landhandel. Johannes Gloppe vart drepen i 1822, og Svabø tok over gjestgjevarstaden etter dette.

Soknepresten i Eivindvik var på den tida prost Niels Griis Alstrup Dahl. I 1825 søkte han Nordre Bergenhuus Amt om at Ingeborg måtte få tilskot til å ta jordmorutdanning i Oslo for seinare å jobba som jordmor i Eivindvik prestegjeld. På den tida omfatta det noverande Gulen kommune, og store delar av Solund og Hyllestad på nordsida av Sognefjorden. Trass i motstand frå amtmannen, fekk Ingeborg opplæring og vart tilsett som jordmor i 1828. Med det vart ho den fyrste jordmora i ytre Sogn. På den tida var jordmortenesta nymotens i Noreg, og vart ofte møtt med skepsis fordi det braut med dei gamle fødselsskikkane.

Peder Svabø skal ha vore brutal og drikkfeldig, og i 1834 måtte han selje gjestgjevarstaden Sygnefest til bergensaren Lars Antoniussen. I 1839 vart Svabø dømd til tukthus i 10 år for å ha mishandla kona. Ingeborg gjorde teneste som jordmor fram til 1844.

Etter at straffa til Peder Svabø var sona, vart dei buande i eit lite hus på Sygnefest av pengar frå fattigstyret.

Ho døydde i Gulen i 1861.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]