Ingeborg Midttømme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ingeborg Midttømme
Foto: Kyrkjas informasjonsteneste

Ingeborg Synøve Midttømme (fødd 20. november 1961), fødd i Oslo, er leiar i Den norske kyrkjes Presteforeining. Ho vart 15. mai 2008 utnemnd til biskop i Møre bispedømme etter Odd Bondevik. Bispevigslinga skjedde i Molde domkyrkje 21. september, samstundes med ei markering av bispedømmet sitt 25-årsjubileum.

Midttømme vart den fjerde kvinna av dei noverande biskopane, og er med sine 47 år den yngste i bispekollegiet.

Ho studerte teologimenighetsfakultetet i Oslo og tok praktisk-teologisk eksamen i 1987 og vart ordinert same år. Deretter jobba ho som kapellan i Høybråten meinigheit i Oslo frå 1987 til 1993. Frå 1993 til 1997 var ho sokneprest i Sørfold i Salten, før ho frå 1997 var kapellan i Holmlia i Oslo.

I 2003 vart ho som første kvinne vald til leiar i Presteforeininga. Ho blei attvald som leiar i 2006.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Biskopar i den norske kyrkja
Preses: Helga Haugland Byfuglien  | Agder og Telemark: Stein Reinertsen | Bjørgvin: Halvor Nordhaug | Borg: Atle Sommerfeldt | Hamar: Solveig Fiske | Møre: Ingeborg Midttømme | Nidaros: Tor Singsaas | Nord-Hålogaland: Per Oskar Kjølaas | Oslo: Ole Christian Kvarme | Stavanger: Erling Pettersen | Sør-Hålogaland: Tor B. Jørgensen | Tunsberg: Laila Riksaasen Dahl