Ingeborg Refling Hagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingeborg Refling Hagen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. desember 1895
Tangen i Stange
Død

30. november 1989 (93 år)
Tangen i Stange

Yrke skribent, lyrikar
Språk norsk
Mor Johanne Hagen
Ingeborg Refling Hagen på Commons

Ingeborg Nancy Refling Hagen (19. desember 189530. oktober 1989) var ein norsk forfattar og kulturarbeidar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Hagen var fødd på Tangen i Stange. Ho debuterte i 1920 med Når elv skifter leie, noveller frå gamalt Hedmarksmiljø. I tiåret som følgde kom det ei rekkje romanar og novellistiske forteljingar skrivne i ein fortetta, lyrisk-musikalsk stil med sterk eigentone. I 1932 stod ho fram som lyrikar med samlinga Jeg vil hem att, som blei ein nordisk salssuksess for lyrikk. No vart ho òg ein kjend og kjær opplesar av eigne dikt.

Under andre verdskrigen gjekk ho inn i motstandsarbeidet og redigerte Jøssingposten. Den illegale verksemda førte til at ho vart arrestert midt i desember 1941.

Ingeborg Refling Hagen er opphavet til eit særeige kulturarbeid som etter krigen fekk stor framgang og vart kjend som Suttung-rørsla. Ei frukt av dette arbeidet var Suttungteateret på Tangen, gjennom mange år den einaste statsstøtta friteatergruppa i Noreg.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

I 1977 vart ho tildelt Teskjekjerringprisen. Ho leverte prisen attende etter kort tid, fordi ho meinte NRK hadde gjort urimelege redigeringar i eit tv-innslag i høve tildelinga.[1]

Verk[endre | endre wikiteksten]

Monumentet over nordmenn i Dei internasjonale brigadane i den spanske borgarkrigen står i Birkelunden i Oslo. Minneplata inneheld eit dikt av Ingeborg Refling Hagen.
  • Når elv skifter leie, Steenske forlag 1920.
  • Novella Svartsnær, Steenske forlag, 1921.
  • Loke sår havre, 1922.
  • Ugild, Aschehoug 1923
  • Valvarsel, Aschehoug 1924
  • Glaam, Aschehoug 1925
  • Marihand, Asch. 1926
  • Brudgommen, Asch. 1927, ny utgåve 1966, illustrert av Olav Bjørgum
  • Fostersverdet, Asch. 1928
  • Tidhvervsklokken, Asch. 1929
  • I skreddertimen, noveller, Asch.1930
  • Har du hørt det?, noveller, Asch. 1931.
  • Jeg vil hem att, dikt og noveller, Asch. 1932.
  • Lørdagskveld, dikt og noveller, Asch. 1933.
  • Jeg har møtt en engel, dikt og noveller, Asch. 1934.
  • Himmeriks hellesten, barnebok, illustrert av Reidar Aulie, Asch. 1935.
  • Hvor kom vi fra?, dikt og noveller, Asch. 1935.
  • Livets dans, Roman, Asch. 1936
  • Henrik Wergeland, dikt, utgitt saman med omsetjinga hennar av Wergelands skrift Jødesaken, Tiden 1936.
  • Utenfor Balkongen, Roman, Asch. 1937
  • Kjørekaren (Tre døgn på Storskogen 1), roman, Asch. 1937
  • Den gamle pioner, dikt, ill. av Dagfinn Werenskjold [[Tiden, 1937.
  • Sognebudet (Tre døgn på Storskogen 2), roman, Asch. 1938
  • Annendagsfesten, dikt, Asch. 1938
  • Den nye læreren (Tre døgn på Storskogen 3), Asch. 1939.
  • Låndag på Skolen, litterør ønskeliste for barn, stensil-utgåve 1939, nye opplag på Suttung forlag.
  • Ridderleken, barnebok 1940 (Stensilutgåve)
  • Mytesanger, norrøn mytologi for barn, stensilutgåve 1940
  • Fedrenes guder, mytologi illustrert av Per Teigen. stensilutgåve 1941,opptrykk Suttung 1980 og 1992.
  • Hva er forskjellen på fengsel og dødsdom, dikt mot dødsstraff, eige forlag 1945.
  • Vi må greie oss selv, Livsfrisen 1, Asch. 1948.
  • Jeg vil lete og banke, Livsfrisen 2, Asch. 1949.
  • Den første morgentimen, Livsfrisen 3, Asch. 1950.
  • Jeg så det, Livsfrisen 4, Asch. 1950. Livsfrisen samla utgjeve på Suttung forlag 1977.
  • Agnes - ga du alt, barnebok, eige forlag 1953.
  • Elva flyt så stille under bakkelandet, dikt, Asch. 1954.
  • Kongen farer forbi Tangen, dikt, Asch. 1956.
  • I natt red'n Henrik forbi, ei samling Wergelandsminne, Asch. 1958.
  • Livet svikter ikke livet, dikt, Asch. 1960.
  • Jeg foretrekker lyset, dikt, Asch. 1962.
  • Ellisiv og Harald Hardråde, noveller og dikt, Asch. 1966.
  • Også vi når det blir krevet, barnebok, barnebladet Magne 1967.
  • Underveis, prolog til åpningen av DNAs landsmøte, DNA 1967.
  • Jeg vil hem att – Utvandrerdikt, Suttung forlag, 1970.
  • Eventyr og historier fra Mostua, I-VI, Suttung forlag, 1967–73.
  • Guds Tuntre, dikt, Suttung forlag 1972
  • Vi løfter de lenkede hendene våre, Skodespel til minne om Andrew Furuseth, Suttung forlag 1972
  • Jesabels latter, dikt, asch. 1973.
  • Lyst for og mørkt bak, prolog, Asch. 1974.
  • Spekulanten (livsfrisen 5), Suttung forlag 1975
  • «Når du går til kvinnen, så glem ikke pisken», dikt, Asch. 1975
  • Sigrid og de andre, barnebok, Suttung forlag 1976.
  • Min venn jeg drømte det jo bare (livsfrisen 6), Suttung forlag 1977.
  • Ellisiv og Harald, dramatiserte dikt, utvida utgåve, Suttung forlag 1977.
  • Hilda og de andre, barnebok, suttung forlag 1978.
  • Lynglimt fra landeveien, enaktere, Suttung forlag 1979.
  • De unge, sjøvbiografi, Asch. 1979
  • Gudmund og de andre, barnebok, Suttung forlag 1980.
  • Gnister i mørket, sjølvbiografi, Asch. 1980.
  • Løftet må holdes, sjølvbiografi, Asch. 1982.
  • Vellystinger, dikt, Asch. 1983.
  • Vårvåt lørdagskveld, dikt, Asch. 1984.
  • Louise og de andre, 1984.
  • Tre dagers moro og tre dagers vent, 1996.
Under psevdonymet Inge Borg
  • Vi må greie oss selv, Tiden norsk forlag 1934
  • Verden er så stor så stor, Tiden norsk forlag 1935
  • Ingen penger, ingen billett, Tiden norsk forlag 1936
  • Skole og gode dager, Tiden norsk forlag 1937
Under psevdonymet Hans Haga
  • Møllerkammerset, første natt, Tiden Norsk Forlag 1936.
  • Møllerkammerset, annen natt, Tiden Norsk Forlag 1937.

Dessutan ei rekkje studiar i Shakespeare, Ibsen, Homer, Victor Hugo og Dante.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Wergeland, Ingrid Elise (1995). Slik som kjærlighet vekker deg : en bok om Ingeborg Refling Hagen. Aschehoug. s. 243. ISBN 8203261140. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Jørgen Bukdahl. Om Ingeborg Refling Hagen i Det skjulte Norge. København, 1926. Gjenutgitt 1981; ISBN 82-521-2031-8
  • Svein Gundersen (red.) «Av skalden fikk vi landet» Festskrift til Ingeborg Refling Hagens 85-årsdag. Suttung forlag, 1980. ISBN 82-7066-212-7
  • Alfhild Kraugerud. Dikteriske virkemidler hos Ingeborg Refling Hagen. Aschehoug, 1951
  • Siri Lappegård (red.). Ingeborg Refling Hagen - uklar myte eller bevisst pedagog? : artikler om pedagogiske ringvirkninger. Oplandske bokforlag, 1995 ISBN 82-7518-051-1
  • Gunnar A. Steen (red). Eventyrets landeveier: foredrag fra Ingeborg-dagene 1995. Suttung forl. , 2000 ISBN 82-7066-334-4
  • Vigdis Ystad. «Ingeborg Refling Hagen som modernist og ekspresjonist». i Norsk litterær årbok, 1995 s. 134-150
  • Vigdis Ystad. «Ingeborg Refling Hagen» I Norsk kvinnelitteraturhistorie. 1988-1990. ISBN 82-530-1433-3
  • Ingrid Elise Wergeland. Slik som kjærlighet vekker deg En bok om Ingeborg Refling Hagen. Aschehoug , 1995 ISBN 82-03-26114-0
  • Ingrid Elise Wergeland. «Ingeborg Refling Hagen : en magisk realist» radioforedrag trykt i NRK P2-akademiet; bind F. 1996

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]