Ingefær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ingefær


Ingefær
Ingefær

Systematikk
Familie: Ingefærfamilien,
Zingiberales,
enfrøbladede planter
Vitskapleg namn
Zingiber officinale

Ingefær (Zingiber officinale) er ei plante som har vore dyrka i mange tusen år i India og Kina. Arta høyrer til ingefærfamilien. Han blir brukt som krydder i mange, moglegvis dei fleste matlagningstradisjonar i verda. Det er rotstokken som vert nytta.

Nytte i matlagning[endre | endre wikiteksten]

Unge ingefærrøter er saftige og ein mild smak, noko som gjer at dei ofte blir sylta i eddik eller sherry som delikatesse, eller berre brukt i tilberedningen av anna mat. Eldre ingefærrøter er mykje turrare, og har seige fibrar. Safta frå eldre ingefærrøter har ein særs sterk smak, og er mykje nytta i kinesisk matlagning til å gøyme andre sterke smakar, t.d. lammekjøtt og fisk.

Ingefær blir òg brukt til godteri, brukt som smaksstoff i småkaker, og er det primære smaksstoff i ingefærøl, ein søt leskedrikk.

I vestleg matlagning blir ingefær nestan utelukkande nytta til søtsaker, slik som ingefærøl, småkaker, godteri, og kakar.

Tørka ingefærpulver har ein særs skarp smak, som ikkje minner mykje om frisk ingefær. Av denne grunnen kan ein ikkje bruke ein av dei to formene for ingefær som erstatning for den andre.

Ingefærrot

Økonomi og utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Ingefær blir dyrka i det meste av den tropiske del av verda. Dei dyraste variantane, og òg dei av høgaste kvaliteten kjem vanlegvis frå Australia, Sør-India og Jamaica, sjølv om mest ingefær blir dyrka i Kina.

Medisinsk nytte[endre | endre wikiteksten]

Det er truleg at ingefær er effektivt mot kvalme fororsaka av t.d. reisesjuke. Ingefærota inneheld òg mange antioksidantar, og pulverisert turka ingefær finst i tablett-form. Drikken ingefærøl har òg alltid vore tilrådd mot kvalme i dei landa der det har vore brygga.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ingefær