Inger Sitter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Inger Sitter

Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. oktober 1929
Trondheim
Død

11. mars 2015 (85 år)
Tjøme

Yrke kunstmålar, professor, grafikar
Ektefelle Carl Nesjar
Inger Sitter på Commons

Inger Solveig Sitter (fødd 18. oktober 1929 i Trondheim, død 11. mars 2015 på Tjøme)[1] var ein norsk prisløna grafikar og målar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Inger Sitter si mor kom frå Viborg i Finland; faren var derimot trøndar og utdanna styrmann. Ho voks opp i Antwerpen og lærte dermed flamsk på skulen. I tenåra var det tydeleg at jenta hadde kunstnartalent, og ho vart difor teken inn på ulike kunstskular, både i Noreg og Antwerpen. Også i vaksen alder har ho veksla mellom å bu i Noreg og i Europa, mellom anna i Antibes i Frankrike. Dei siste åra av livet sitt budde ho på Tjøme i Vestfold.

Allereie i 1948 var ho representert ved Statens høstutstilling. I 1950-åra vart kunsten hennar prega av såkalla lyrisk (naturbasert) abstraksjon. Saman med Irma Salo Jæger og Berit Soot Kløvig danna ho kunstprosjektet Park 62 frå 1973-1976. Frå 1981-1984 var ho professor ved Statens Kunstakademi, og har i tillegg hatt ei rekkje høgtståande verv. Inger Sitter var også oppteken av å betra kåra for norske kunstnarar, og mykje på grunn av innsatsen hennar vart det innført ordning med garantiinntekt.

Kunstverket hennar, In The Picture (1964) vart kåra til eitt av Morgenbladets tolv viktigaste norske kunstverk 1945-2005. Sitter har også laga skulpturar.

Inger Sitter var gift to gonger; fyrste gong med kunstnaren Carl Nesjar, andre gongen med forfattaren Rolf Dahlström.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]