Ingjerd Schou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingjerd Schou

Ingjerd Schou
Foto: Kjetil Ree
Fødd20. januar 1955 (69 år)
Sarpsborg kommune
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, sjukepleiar, offentleg tenestemann
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
EktefellePetter Schou
Alle verv

Ingjerd Schou (fødd 20. januar 1955 i Sarpsborg) er ein norsk politikar frå Høgre. Ho sit i perioden 2009-13 på Stortinget for Østfold fylke, og var også stortingsrepresentant i perioden 2001-05. Frå 19. oktober 2001 til 18. juni 2004 var ho sosialminister i Regjeringa Bondevik II.

Karrière[endre | endre wikiteksten]

Schou voks opp i Skiptvet i Østfold, men busette seg seinare i Spydeberg. Ho flytta heimanfrå då ho var 15 år gamal for å gå på reformgymnas. Deretter vart det utdanning innan sjukepleiarfaget: vanleg sjukepleiarutdanning og offentleg godkjent sjukepleiar frå 1977, spesialutdanning i intensivsjukepleie i 1980, administrasjonslinja ved Norges Sykepleierhøyskole i 1982, og med.fak frå Universitetet i Oslo, i tillegg til mastergrad i helseadministrasjon frå 1988. Ho har fagleg bakgrunn som spesialutdanna sjukepleiar og har tittel som cand. mag helse.

Bakgrunnen hennar frå helsevesenet brakte ho inn i fleire administrative stillingar innan Østfold fylkeskommune før ho i 1991 vart direktør for Indre Østfold sjukehus i Askim. Frå 2006 har Schou vore prosjektdirektør i Helse Øst RHF, og seinare Helse Sør-Øst RHF.

Ingjerd Schou har også budd på Gressvik, i Onsøy og i Sarpsborg. Den politiske karrieren starta i kommunestyret i Spydeberg i 1992. Der har hun vore gruppeleiar for Høgre og seti i formannskapet. Ho har hatt fleire verv, både i organisasjonar og innan politikken, og vart i 2000 nominert på sikker plass på Østfold Høgre sin liste til stortingsvalet 2001. 22. november 2008 vart Schou nominert på Østfold Høgres første plass før stortingsvalet 2009, etter knipen seier over Martin Engeset. Ved stortingsvalet vart Schou vald inn for sin andre periode.

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]