Ingolf Elster Christensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ingolf Elster Christensen

Ingolf Elster Christensen (fødd 28. mars 1872 i Førde i Sunnfjord, død 3. mai 1943 i Førde) var ein norsk jurist, offiser, embetsmann og politikar (H). Christensen var amtmann og fylkesmann i til saman 33 år, og hadde også verv som stortingsrepresentant og statsråd i 1920-åra. Han var justisminister og forsvarsminister. Politisk var han særleg oppteken av forsvar[1], landbruk[1] og samferdsle[2]. Sommaren 1940 spelte han ei viktig rolle som formann i Administrasjonsrådet og deltakar i riksrådsforhandlingane.[1]

Sogn og Fjordane[endre | endre wikiteksten]

3. november 1910 vart Christensen amtmann (seinare fylkesmann) i Nordre Bergenhus (Sogn og Fjordane). Han var pådrivar i viktige saker som samordning og offentleg drift av rutebilar, utbygging av jernbane og vegnett, samt kraftutbygging for allmenn bruk.[1] Christensen vert rekna som den fremste forkjemparen for Flåmsbana, og har difor fått sitt minnesmerke reist på Flåm stasjon.[3]

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1916 – Fædrelandet i verdenskrigens lys, med Hjalmar Christensen

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ingolf Elster Christensen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]