Ingressiv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein ingressiv luftstraum er i fonetikken namnet på ein luftstraum som er inngåande, jf. egressiv. Dei aller fleste språklydar er egressive språklydar, men i visse språk er også ingressive lydar i bruk, som i den norske og svenske interjeksjonen ju «jo».

Termen ingressiv blir òg nytta i morfologien om verb, verbformer og avleiingar som uttrykker byrjinga av hendingar eller tilstandar[1]. Relaterte termar er inseptiv og inkoativ (den siste termen er mest brukt om tilstandar, og inkoativt aspekt). Ingressive tydingar kan uttrykkast ved

  • hjelpeverb
    • t.d. «byrja å _»
  • avleiingar
    • på norsk har me nokre uproduktive avleiingar, t.d. «ljos» → «ljosna»
    • nordsamisk har den produktive avleiinga -goahti, t.d. ohcat («å søkja») → ohcagoahtit («å byrja å søkja»)
  • bøyingar, men då er den ingressive tydinga ofte sekundær eller tvitydig

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Östen Dahl (2006). «Ingressives». Encyclopedia of Language & Linguistics (2 utg.). Elsevier. s. 688–689. 
Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.