Ingrid Espelid Hovig
Ingrid Espelid Hovig (fødd 3. juni 1924 på Askøy) er ein norsk programleiar og forfattar busett i Oslo. Ho er enkja etter arkitekten Jan Inge Hovig.
Ingrid Espelid voks opp på Kleppestø på Askøy. Ho tok eksamen ved Statens lærarinneskule i husstell på Stabekk i Bærum i 1950 og arbeidde deretter som hustellærar og var tilknytt Opplysningskontoret for fisk. Dette innebar mellom anna at ho reiste rundt i talrike norske tettstader og viste folk korleis ein best kunne reinska og laga til fisk.
I 1964 vart ho programsekretær for kosthald, ernæring og forbrukarstoff i NRK. Mest kjend er Ingrid Espelid Hovig som programleiar for Fjernsynskjøkkenet gjennom mange år, ofte i lag med ernæringsekspert Kaare Norum. Hovig ga ut si fyrste kokebok i 1967; Ingrid Espelid ber til bords, med oppskrifter frå Fjernsynskjøkkenet. Sidan har ho skrive eller bidrege i tilsaman over 50 kokebøker.
Espelid Hovig var eitt av dei aller fyrste tv-andleta i Noreg. Ho opptrådte allereie på NRK i 1956 da dei berre hadde prøvesendingar.
Espelid Hovig har motteke ei rekkje prisar i Noreg og internasjonalt for arbeidet sitt med mat og ernæring, og vart i 1994 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. I høve 70-årsdagen til Espelid Hovig tok Faglig matråd same år til med utdelinga av Ingrid Espelid Hovigs matkulturpris, som vert tildelt personar som gjer ein særleg stor innsats for å formidla norsk mat og matkultur. Hovig er forøvrig medlem av partiet Venstre og var syster av Venstre-politikaren Mons Espelid.
Prisar og utmerkingar[endre]
- Karl Evangs pris 1983
- Kringkastingsprisen 1986
- Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden, 1994
- Gullrutens hederspris under Gullruten 1999
Eit utval bøker av Espelid Hovig[endre]
- Ingrid Espelid ber tilbords (1967), Det Norske Samlaget
- Som ein dråpe i sand (1970)
- Bli slank med et smil (1976)
- Gyldendals store kokebok (ny utg. 1979)
- Mine beste kjøkkentips (saman med Hans Jebsen 1980)
- Den rutete kokeboken (1982)
- God mat = god ernæring (saman med Kaare Norum, 1984)
- Velkommen til mitt kjøkken (1985)
- The best of norwegian traditional cuisine (1992)
- Ingrid og kokkene (2000)
Kjelder[endre]
- Wikipedia på bokmål om Ingrid Espelid Hovig.
- Store Norske Leksikon om Ingrid Espelid Hovig.
- Utdjupande artikkel på snl.no om Espelid Hovig. Forfattar: Henry Notaker.