Ingusjetia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Respublika Inusjetija
Ghalghaj Mokhk  
Flag of Ingushetia.svg Coat of Arms of Ingushetia.svg
Ingusjetia sitt flagg Ingusjetia sitt våpen
Ingusjetia på kartet over Russland
Hovudstad Magas
Areal

- Totalt
- % vatn

Rangering:81.

4000 km²

Innbyggjartal

- totalt
- folketettleik

Rangering: 73.

ca. 413 000[1] (2010)
ca. 103,3/km²

Føderalt distrikt Sørlege
Økonomisk region Nord-Kaukasus
Regionsnummer 06
Offisielt språk Russisk, ingusjisk
President Junus-Bek Bamatgirejevitsj Jevkurov
Nasjonalsong
Tidssone UTC +0300
Ingush03.png

Ingusjetia (russisk Республика Ингушетия, ingusjisk ГIалгIай Мохк) er ein republikk i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Magas, arealet er 4000 km² og innbyggjartalet 413 000 (2008). Ingusjetia er det minste føderasjonssubjektet i Russland, med unntak av byane Moskva og St. Petersburg. Republikken vart danna i 1991, då den tidlegare Tsjetsjeno-ingusjetiske republikken vart delt opp i Tsjetsjenia og Ingusjetia. I motsetning til Tsjetsjenia gjekk Ingusjetia friviljug med i den nye russiske føderasjonen. Republikken vart dermed spart for full krig, som i naborepublikken. Mange flyktningar frå krigen i Tsjetsjenia har kome til Ingusjetia.

Utover 2000-talet spreidde den politiske uroa i Nord-Kaukasus seg meir og meir frå Tsjetsjenia til dei andre republikkane i området. Ifølgje rapportar i media vart det i 2010 gjennomført 40 terrorhandlingar i Ingusjetia, og desse førte til åtte dødsfall og 78 skadde personar. To av desse terrorhandlingane vart utført av sjølvmordsbombarar.[2] Desse tala omfattar ikkje dødsfall som følgje av handlingar frå regjeringsstyrkane si side. I 2008 kom det òg til opptøyar i den største byen Nazran, då tryggingsstyrkane slo ned opptøyar frå opposisjonen si side.[3]

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Den einaste større byen er Nazran (132 200 ibuarar), som var hovudstaden fram til 2000.

Den største folkegruppa i Ingusjetia er ingusjar. Ifølgje folketeljingane endra den etniske samansetjinga i republikken seg kraftig frå folketeljinga i 2002 til den i 2010 - I 2002 vart det oppgitt at 77,3 var ingusjar og 20,4 tsjetsjenarar. I 2010 var det under ein fjerdedel så stor del tsjetsjenarar, mens delen ingusjarar hadde auka til over 90 %. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske samansetjinga:[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010
  2. "At least 178 persons perished in explosions and terror acts committed in Northern Caucasus and Moscow", frå "Caucasian Knot" på engelsk, 10. januar 2011, lese 18. januar 2011
  3. "Ingushetia Crisis Deepens" frå "Institute for War & Peace Reporting på engelsk, 13. februar 2008, lese 18. januar 2011

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ingusjetia