Inishbofin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå óg Inishbofin i Donegal.
Inishbofin
Lokalt namn: Inis Bó Finne
Geografi
Inishbofin is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 53°37′N 10°13′WKoordinatar: 53°37′N 10°13′W
Administrasjon
Land Irland
Grevskap Galway
Demografi
Folketal 200

Inishbofin (Inis Bó Finneirsk, som tyder «Den kvite kua-øya») er ei øy om lag 8 km utanfor kysten av Connemara i County Galway i Republikken Irland. Ho er om lag 5,5 km lang og 3 km brei, og har rundt 200 innbyggjarar. Ein kan nå Inishbofin med båt frå Cleggan. Ho har óg ein helikopterlandingsplass og det er planlagt ei flystripe.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den engelske namnet på øya kjem frå det irske namnet Inis Bó Finne. Namnet har sitt opphav i eit lokalt segn. Øya har vore busett sidan bronsealderen. I 668 grunnla St. Colmán eit kloster[1] på Inishbofin som overlevde fram til 900-talet.[2]. Her ligg òg ruinar av Cromwell sine kasernar, bygd i 1652. Då den mykje hata Cromwell hadde makta vart Inishbofin omforma til ein straffekoloni for den katolske preststanden. Ein uheldig biskop vart binde fast til «Bishop's Rock» ved fjøre sjø og drukna då vatnet steig.

På Inishbofin ligg Dún Gráinne, restane av eit fort som vart nytta av den legendariske Grace O'Malley, Irland si sjørøvardronning, i tillegg til ruinar av eit keltisk fort frå 1000-talet fvt. Ein meiner at Inishbofin har vore busett i opp mot 10 000 år.[3] Øybuarane omtalar fortet som Oliver Cromwell's Fort. Det vart bygd i 1650-åra under Cromwell-krigane for å kontrollere inngangen til hamna. Inishbofin var ein av dei viktigaste skipshamnene på vestkysten av Irland i seglskipsdagane. Det var ein av dei siste rojalistskansane som fall til Cromwell sin hær og var okkupert av dei fram til slutten av hundreåret. Cromwell-tilhengjarane nytta han som ein samlingstad for irske menn og kvinner som skulle transporterast til Vestindia.[4]

I dag har øya om lag 200 innbyggjarar. På det meste hadde øya over 1000 innbyggjarar i 1840-åra.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. St. Colman. Vitja 17. september 2006.
  2. Inishbofin. Vitja 17. september 2006.
  3. http://www.inishbofin.com/
  4. . New York Times. Hoffstoff, Darlyn Brewer, Where Legends Outnumber People, August 1, 1999.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Inishbofin