Inisheer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Inisheer
Lokalt namn Inis Oírr
Geografi
Stad Galway Bay
Koordinatar 53°03′29″N 9°31′39″WKoordinatar: 53°03′29″N 9°31′39″W
Øygruppe Aranøyane

Administrasjon
Land Irland
Grevskap Galway

Demografi
Folketal 300

Inisheer (irsk offisielt namn Inis Oírr) er den minste og austlegaste av dei tre Aranøyane i Galway Bay i Republikken Irland. Naomh Caomhan, vernehelgenen for Inisheer, er den eldste broren til Naomh Caomhín (heilage Kevin), som grunnla klosteret i Glendalough.

Det offisielle irske namnet er av nyare dato og ser ut til å vere eit kompromiss mellom det tradisjonelle lokale namnet Inis Thiar (uttalt «Inisjer»), «Den bakerste øya», og det tidlegare offisielle namnet Inis Oirthir, «Austøya». Det er ingen irske ord som samsvarar med det andre ordet i det offisielle irske namnet. Det kan virke ut får årbøker at namnet på øya alltid har vore basert på element av «iarthar» eller «thiar», som tyder «bak» eller «bakerste», og ikkje «vest» som er den vanlegaste bruken av dette ordet. Bruken av Inis Oirthir av Rory O Flaherty på 1600-talet ser ut til å ha vore ei feillesing av årbøkene.

Det står ei mellomalderborg kalla O'Brien på øya, bygd i eit eldgamalt steinfort på toppen av åsen. I tillegg finn ein fleire kyrkjeruinar, inkludert ei kyrkje kalla Teampall Caomhán, som må gravast ut kvart år fordi golvet ligg lågare enn sandnivået i området. Irsk vert framleis brukt som hovudmål av dei om lag 300 innbyggjarane.

Øya har båtsamband frå Rossaveal i Connemara og Doolin i County Clare, i tillegg til dei andre Aranøyane. Turisme er viktig for øya. I tillegg kjem mange skuleelevar til øya for å lære irsk i eit miljø der språket vert nytta dagleg.

Lastskipet «Plassey» forliste utanfor Inis Oirr i 1960-åra, og har sidan vorte kasta opp på grunn sjø ved Carraig na Finise på øya av dei kraftige bølgjene frå Atlanterhavet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]