Innsjø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Delar av Aksevatnet i Hyllestad kommune.

Ein innsjø er ei fordjuping i jordoverflata som inneheld vatn. Vanlegvis er fordjupinga fylt slik at det vert danna eit eller fleire utløp. Tilsiget til ein innsjø skjer via nedbør og innløp. Utsig skjer via fordamping, sig ned i grunnen under innsjøen og via eit utløp.

Mange innsjøar vert også kalla vatn (eller vann), som Snåsavatnet i Sør-Trøndelag, Lesjaskogsvatnet i Oppland og Maridalsvannet i Oslo.

Ein mindre innsjø vert kalla tjern (også tjenn, tjønn og tjørn), som Blåtjønn og Kroktjenn (fleire stader i Noreg).

Ein enda mindre innsjø vert gjerne kalla dam, som Litldammen (fleire stader i Noreg).

Dei minste innsjøene vert kalla pytt (også putt), som Svartputt (fleire stader i Noreg).

Ferskvatn og saltvatn[endre | endre wikiteksten]

Innsjøar inneheld normalt ferskvatn, men somme stader har innsjøar innløp frå havet slik at innsjøen inneheld saltvatn. Ein innsjø med saltvatn vert kalla ein saltsjø. Det finst også innsjøar utan innsig frå havet som likevel har eit botnlag av saltvatn. Dette reknar ein med er restar frå landhevinga etter siste istid. Eit døme på dette er Rørholtfjorden, ein del av Tokke.

Mjøsa er den største innsjøen i Noreg. på 368 km². Den djupaste er Hornindalsvatnet, som er 514 m djup.

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Økologar delar innsjøar inn etter kva slags næringstilhøve dei har å tilby. Til vanleg reknar me med næringsrike eller eutrofe vatn og næringsfattige eller oligotrofe vatn. Mesotrofe vatn er ein mellomkategori.

Næringsfattige vatn[endre | endre wikiteksten]

Næringsfattige eller oligotrofe vatn inneheldt lite næring, og er vanlege m.a. på granittrik berggrunn i fjellet. På grunn av manglande algevokster er det særs god sikt og ganske lite liv i vatna; noko som gjer at dei ved mange høve er særs godt egna som drikkevatn.

Trass i manglande vegetasjon er det likevel ofte mykje oksygen i dei næringsfattige vatna, særleg i botnsjiktet. Her kan det såleis førekoma ein del liv, m.a. fisk som aure.

Næringsrike vatn[endre | endre wikiteksten]

Næringsrike eller eutrofe vatn inneheldt mykje næring, og har såleis mykje algevokster. Dette fører til uklar sikt og dårlegare drikkevasskvalitet enn dei næringsfattige vatna; men òg til eit større biologisk mangfald: Den rike bestanden av planteplankton fører til eit større grunnlag for dyreplankton, som igjen fører til eit mangfaldig utval plankton-etande liv. På grunn av alt det organiske materialet som samlar seg på botnen vert dei djupare sjikta av desse vatna derimot mindre oksygenrike enn dei er i næringsfattige vatn.

Den rike plantevegetasjonen rundt dei næringsrike vatna fører med tida ofte til attergroing; at sjøen vert omdanna til myrområde eller stundom tørt land.