Innsjøen Tokke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tokke
Tokke - Kjendalsøya i nedre Toke, oktober 2004
Kjendalsøya i nedre Toke, oktober 2004
Stad Bamble, Kragerø, Drangedal (Telemark)
Koordinatar 59°01′54″N 09°12′28″EKoordinatar: 59°01′54″N 09°12′28″E
Tilsigsområde 1 239 km²
Overflateareal 30,77 km²
Største djupne Rørholtfjorden: 147 m
Kystlengd1 185,50 km
Høgd over havet Regulert: 60,35–55,75  moh
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.
Toke.

Tokke (stavemåten Toke vert òg nytta) er ein innsjø i Drangedal kommune i Telemark som består av øvre og nedre Tokke som er knytt saman via «Straumen». I nordenden av øvre Tokke ligg kommunesenteret Prestestranda. I sør strekkjer nedre Tokke seg inn i Bamble (Rørholtfjorden) og i Kragerø, der han utløpet sitt i Lundereidelva mot Dalsfoss kraftverk. Innsjøen, med sine tilløp, utgjer det aller meste av Kragerøvassdraget.

Med ein vasspegel på ca. 30 km² og eit nedbørsfelt på 1 239 km² er Tokke eit viktig vatn i Telemarkssamanheng. Den om lag 185 km lange strandlinja, som i stor grad består av gammal havbotn med leire og finsand, er sterkt utsett for erosjon pga. regulering for kraftproduksjon.

Med sin lange strandlinje og mange større og mindre øyar og «kiler» er Tokke eit eldorado for båtfolk og sportsfiskarar. Her finst både aure, røye, sik og åbor.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Etter siste istid, for om lag 9 500 år sidan, stod havet langs Telemarkskysten omtrent 100 meter høgare enn i dag. Der Tokke ligg strekte «Drangedalsfjorden» seg 60 km innover i landet, frå Kragerø, gjennom Drangedal og heilt opp til Bø i Tørdal. Men landet heva seg raskt dei første åra etter at tyngda frå isen vart borte, og etter ca 1000 år vart Tokke liggande igjen som ein innsjø, slik vi kjenner han i dag. På botn av Rørholtfjorden, ca 90 m under havet si overflata, finst det framleis eit 10-12 meters lag med saltvatn frå den tida.

Heilt sidan dei første menneska kom til denne delen av landet for om lag 9000 år sidan, og heilt opp til vår tid, har Tokke vore hovudferdselsåre mellom havet og innlandet for dei som har hatt sitt tilhald i dette området. Spor frå både eldre- og yngre steinalder er funnet spreidd langs breidda og på øyane over heile innsjøen, og gravrøyser frå bronse- og jernalder er eit vanleg syn langs vasskanten.

Båttrafikken[endre | endre wikiteksten]

«Straumen» mellom øvre og nedre Tokke vart «kanalisert» i 1864 for å mogeleggjere trafikk med større båtar, og for å lette tømmerfløtingen. Dampbåttrafikken starta same året, med DS «Tokedølen» som trafikkerte strekninga Prestestranda–Merkebekk. Hausten 1888 kom den meir luksuriøse DS «Turist» med i same trafikken. Eigaren av denne båten, Halvor H. Strømme, hadde planar om å kanalisere strekninga frå Merkebekk ned til havet, men dette vart det aldri noko av.

«Tokedølen» gjekk ut av fast trafikk rundt 1923, medan «Turist» heldt det gåande til 1929. Då hadde tog og rutebilar overteke det meste av transporten. Det som var av transport på Tokke vart etter dette ivareteke av bukserbåt og lekter.

Biltrafikken til Grenland var avhengig av ferjetransport over nedre Tokke frå Vefall til Kjenndalen, over Vefallsundet. Denne strekninga vart tent av ferjemann Karl Straume. Først med prammar i aukande storleik, så med sjølvbygde ferjer. Den siste ferja, «Vefaldsund II», gjekk ut av trafikk da Rv356 vart lagt på austsida av Tokke og over Straume bru, og opna for trafikk den 15. desember 1967. Dette var den siste innlandsferja som gjekk i slik trafikk i Noreg. Ferja kan ein i dag sjå på Norsk vegmuseum ved Hunderfossen.

Reguleringa[endre | endre wikiteksten]

Rundt 1530 kom vassaga til dette området, og sagbruk og utskiping av tømmer fekk ein kraftig oppblomstring. I tidlegare tider var skogen berre til husbruk, men no kunne han omsettjast i klingande mynt. Kvar minste elv som løp ut i Tokke vart demd opp for tømmerfløting og sagdrift, òg Tokke sitt utløp til Lundereidelva ned mot Kragerø, der det var fleire «saugbruk» som nytta seg av vasskrafta før han ebba ut i havet.

Den første konsesjonen på oppdemminga av Tokke finn vi først i 1899, då «Kragerøvassdragets fellesfløtningsforening» får konsesjon på regulering og oppdemming av Tokke (og Hoseidvann). Så kjem elektrisiteten, og konsesjon på oppdemming av Tokke vart gjeve i 1916 til «Norsk Elektrokemisk Aktieselskap» (NEA). Denne konsesjonen vart etterfølgd av fleire forlengingar og utsetjing, før Tokke omkring 1940 vart oppdemd slik vi ser det i dag, frå 55,75 til 60,35 moh. Gjennomsnittleg renn det kvart sekund meir enn 32 000 liter vatn ut av Tokke. På sin ferd mot havet, gjennom Kragerø kommune, vart dette vatnet i dag nytta til kraftproduksjon i fem kraftstasjonar.

Reguleringa har sidan starten vore gjenstand for fleire klagar frå grunneigarane langs heile Tokke, mellom anna Drangedal kommune. De meiner at konsesjonen vert tolka feil, og at breidda rundt Tokke på ulovleg vis vert vaska unødig mykje ut for kvart år, utan heimel i konsesjonen.