Innsjøstratifikasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det er føreslått at denne sida blir fletta med Stratifikasjon i limnologi. (Sjå eventuelt diskusjon)

Innsjøstratifikasjon er ei lagdeling av innsjøar i tre lag:

  1. Epilimnion - toppen av innsjøen.
  2. Metalimnion (eller termoklin) - det midtre laget som kan endre djupne gjennom dagen.
  3. Hypolimnion - botnlaget.

Den termiske lagdelinga av innsjøen syner til at temperaturen i forskjellige djupner i innsjøen og kjem av at vatnet endrar tettleik ved forskjellig temperatur. Kald vatn er tyngre enn varmt vatn og epilimnion består hovudsakleg av vatn som ikkje er så tungt som vatnet i hypolimnion. Ferskvatn er derimot tyngst når temperaturen er 3,94  °C.

I tempererte regionar der innsjøar vert varma opp og avkjølte gjennom året, skjer det eit syklisk mønster med fullsirkulasjon i løpet av året, når det kalde vatnet på toppen av innsjøen søkk. Ein dimiktisk innsjø er ein innsjø som har fullsirkulasjon både om våren og hausten.

Om lagdelinga av vatnet varer i lengre periodar er innsjøen meromiktisk. Grunne innsjøar kan vere ulagdelte, det vil seie at heile innsjøen vert erkna som epilimnion.

Oppsamlinga av oppløyst karbondioksid i tre meromiktiske innsjøar i Afrika (Nyossjøen og Monounsjøen i Kamerun og Kivusjøen i Rwanda) er potensielt farlege fordi dei kan få eit såkalla limnisk utbrot, der store mengder karbondioksid vert sleppt ut av innsjøen og erstattar oksygenet i området, slik at dyr og menneske i området vert kvelte.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]