Innvendig og utvendig tangeringssirkel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei trekant (svart) med ein innvendig sirkel (blå) og utvendige sirklar (oransje).

Ein utvendig tangeringssirkel er ein av dei tre sirklane som tangerer kvar side i ein trekant og samstundes forlenginga av dei to øvrige sidene. Ein innvendig tangeringssirkel er ein innskriven sirkel som tangerer alle dei tre sidene i ein trekant.

Senteret av ein innvendig sirkel finn ein i skjeringspunktet til dei tre indre vinkelhalveringslinjene. Sentrum av dei ytre sirklane finn ein i skjeringspunktet til dei indre vinkelhalveringslinjene og den ytre halveringslinja til dei to andre vinklane. Fordi den indre halveringslinja til ein vinkel er vinkelrett på den ytre halveringslinja, følgjer det at senteret av den indre sirkelen i lag med dei tre ytre sirkelsentera dannar eit ortosentrisk system.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]