Installasjonskunst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Installasjon av Christo (Christo og Jeanne-Claude) på Exposición sobre Christo, Museo Würth La Rioja, Spania, august 2009.

Installasjonskunst, eller berre installasjon, er nemninga på ein kunstnerisk sjanger som er kjenneteikna av at kunstnaren nyttar ulike gjenstandar som i seg sjølv ikkje treng å vere kunstverk (måleri, skulptur og liknande), men til dømes meir eller mindre omarbeidde gjenstandar frå dagleglivet, frå naturen eller frå skrothaugane, for å lage ei romleg samansetting og samanblanding som er egna til å gje tilskodarane kunstopplevingar ved hjelp av dei assosiasjonane som samansettinga av gjenstandane fører til.

Eit kunstverk av denne typen, som vert kalla ein installasjon, er ofte laga spesielt til det aktuelle utstillingsrommet eller den aktuelle utstillingsstaden, og spelar gjerne på den samverknaden som den aktuelle staden og sjølve verket har på publikum. Verket kan difor ofte ikkje flyttast utan vidare, men må tilpassast eller lagast om att dersom det skal synast fram ein annan stad. I mange høve kan dessutan materiala i verket vere av ein slik art at det må lagast om att om det skal synast fram på ein annan stad.

Installasjonskunst i ulike former og med ulike uttrykk har frå 1950-1970-talet og framover vore stendig meir dominerande på kunstutstillingar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Installasjonskunst