Interessentskabet Hardangeren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Interessentskabet Hardangeren
BransjeSjøfart, kollektivtransport, transport
LandNoreg

Interesseselskapet Hardangeren var eit dampskipsrederi i Hardanger skipa i 1868. Etter ei tid på midten av 1800-talet med ein del spreidde forsøk på dampskipsferdsel på Hardangerfjorden, tok kaptein Helje Aga i 1868 initiativet til å stifte eit nytt selskap ått av lokale krefter. Aksjekapitalen på kr 100 000, fordelt på 500 aksjar, vart fullteikna sommaren 1868. Hausten same år vart det halde stiftingsmøte i Øystese og 19. mars 1869 vart lover for «Interessentskabet Hardangeren» vedteke på Utne, og følgjande styre vart valt: Skipsbyggermeister Jens Gran, lensmann D. O. Opheim, gardsbrukar J. Lillegraven, lærar Lars Haugse og bankkasserar Joh. Jak. Utne.

Det første skipet til selskapet fekk namnet DS «Hardangeren» og vart bygd ved Bergens Mekaniske Verkstad i 1869. Hardangeren var etter krava til tida eit vent og tidsmessig skip. Helje Aga vart tilsett som den første kapteinen på skipet, og den første turen vart gjort 15. juni 1869. Skipa hadde to vekentlege turar mellom Bergen og Hardanger. Til trass for sterk konkurranse frå andre skip som til dømes DS «Vikingen», DS «Vøringen» og DS «Bjørnen» klarte «Hardangeren» seg særs bra og selskapet kunne fleire år gje opp til 20 prosent utbytte til eigarane. Etterkvart fekk dei si fulle hyre med å ta unna trafikken. På same tid sleit naboselskapet Det Søndhordlandske Dampskibsselskab med innteninga og hadde ledig kapasitet, og det var mange som såg potensialet i å slå saman dei to selskapa for å optimalisere nytta av skipa og få til eit endå betre samferdselstilbod i Hardanger og Sunnhordland. På generalforsamlinga til Interessentskabet Hardangeren i Bergen 31. mai 1880 vart det vedteke at selskapet frå 1. juli 1880 skulle slå seg saman med Det Sønhordlandske Dampskipsselskab. Det nye selskapet vart konstituert 23. oktober 1880 og fekk namnet Hardanger Søndhordlandske Dampskipsselskab. Dette var opphavet til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD) som etterkvart skulle utvikle seg til å bli eit av dei største transportselskapa i landet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]