Interlaken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Interlaken sett ovanfrå

Interlaken er ein by og ein kommune omtrent midt i Sveits, i kantonen Bern. Kommunen dekker eit areal på 4,4 km, og hadde 5 389 innbyggarar i 2009. Byen, som ligg 568 meter over havet, er mellom dei mest populære stadene i Sveits for turistar.

Interlaken har fått namn etter den geografiske plasseringa mellom Brienzsjøen i aust og Thunsjøen i vest. Latinske inter lacus tyder «mellom sjøar». Elva Aare renn gjennom byen.

Byen har to jernbanestasjonar. Stasjonen Interlaken Ost er eit av endepunkta til Jungfraubanen opp til Jungfraujoch.

I tidlegare tider var Interlaken særleg viktig på grunn av eit augustinarkloster. Klosteret vart bygd i 1130 og stod fram til 1528.

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Interlaken
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk