Internasjonal handel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg handel.

Internasjonal handel, i økonomi ofte rett og slett kalla handel, er utveksling av varer og tenester på tvers av landegrensene. Å selje varer og tenester til utlandet blir kalla eksport, å kjøpe frå utlandet blir kalla import.

Handel er eit politikkområde som vekkjer mykje strid. Dei fleste meiner at land skal involvere seg i handel, striden står om i kor stor grad. Til dømes er det få som går inn for at Noreg skal bli sjølvforsynt med bilar eller bananar. Eit av dei største stridsområda er handel med typar av matvarer eit land er i stand til å produsere sjølv.

Også innan økonomisk teori er det noko debatt om kva handel som er gunstig for velferden til eit land. Mange økonomar argumenterer likevel for frihandel.

Handel blir regulert gjennom ulike typar handelsbarrierar, som til dømes toll og importkvoter. Den største og best kjende organisasjonen som tek for seg internasjonal handel, er Verdsorganisasjonen for handel (WTO).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Handel med kopar og tinn for produksjon av bronse var lenge viktig. Ikkje berre i bronsealderen, men og seinare før jern vart vanleg. (Herskarar kunne i naudstilfelle eller av sadistiske innfall erstatte tinnet med arsenikk, men dette gav mannefall i fabrikken og gjekk kraftig ut over arbeidsstyrken.)

Fønikarane var eit nettverk av bystatar i oldtida. Det er kjent at dei handla rav (harpiks og kvae) ifrå ein koloni i Norden, i bytte med bronseprodukt ifrå Middelhavet.

I romartida var Egypt rekna for kornkammeret i det romerske imperiet. Spesialskip eksisterte for å frakte kornet, store nok til å minne om vår tids oljetankarar og som kunne ta fleire hundretals menneskje på dekket som ekstra frakt.

Kinesisk silke har blitt eksportert til Europa sidan dei greske bystatane si tid. Rom hadde lenge problem med handelsunderskot til Kina. Dette bidrog til utholinga av den romerske mynteininga, der keisarane fekk spedd ut det verdifulle metallet.

India hadde lenge eit overtak i internasjonal handel, på grunn av dei mange (og store) jordbruksavlingane i løpet av eit år. Tilgang på billeg mat gjorde arbeidskraft billegare og dei indiske statane kunne eksportere tekstilprodukt som kunne utkonkurrere på pris. Dette fekk t.d. Storbritannia til å sette opp tollmurar for å beskytte sin eigen økonomi. Til sist kunne Storbritannia igjennom industrialisering produsere klede billegare enn India, og vart no ein motstandar av proteksjonisme på handel med klede.

Oppdaginga av Amerika skulle komme til å revolusjonere handelsmønsteret i Atlanterhavet og Stillehavet. Trekanthandelen i Atlanterhavet oppstod, med industrivarer og våpen til Afrika, slavar ifrå Afrika til koloniane og forskjellige produkt herifrå til Europa. Tobakk, kakao, sukker og meir vart eksportert frå koloniane til Europa. Sølv vart frakta direkte ifrå Amerika til Kina, der den kinesiske sølvstandarden skapte eit umetteleg behov etter dette metallet.

Vi veit mindre om handelsmønsteret i Amerika før europeisk inntog, ettersom så mange døydde av europeiske sjukdommar. Etter dei første europeiske landgangane på kontinentet, spreidde sjukdomar som koppar og influensa fortare enn nokon europear.

Afrika sør for Sahara var lenge noko isolert ifrå det euroasiatiske handelsnettverka. Malaria og tropiske sjukdomar avgrensa kor mykje kontakt ein kunne oppnå (og skulle inspirere til H.G. Well's War of the Worlds). Saharaørkenen i seg sjølv skapte isolasjon, på tross av at handelsruter eksisterte igjennom den.

Handelsteori[endre | endre wikiteksten]

Teorien for internasjonal handel har røter fleire hundreår tilbake. Det finst mange og varierte teoriar for å forklare og evaluere effektane av handel.

Smith og Ricardo[endre | endre wikiteksten]

Blant dei tidlegaste bidraga finn vi Adam Smith og David Ricardo sine innsikter om internasjonal spesialisering. Ricardo viste at dersom land utnyttar dei komparative fordelane sine, det vil seie spesialiserer seg i produksjon av dei goda dei kan produsere effektivt relativt til andre land (ikkje absolutt), vil dette auke denne totale produksjonen i verda. Ved deretter å utveksle desse goda, vil alle landa kunna forbruke meir enn dei gjorde i autarki (som lukka økonomi). At eit land tener på handel, betyr derfor ikkje at eit anna tapar - det er mogleg for alle land å tene på handel samtidig.

Ricardo-Viner[endre | endre wikiteksten]

I dei enkle modellane til Smith og Ricardo var det berre éin type produksjonsfaktor, arbeidskraft, bruka i alle (begge) varer. Modellen med spesifikke faktorar, ofte kalla Ricardo-Viner, tok i staden utgangspunkt i at kvar vare vart produsert med to produksjonsfaktorar. Éin av desse var spesifikk for vara, det vil seie at han vart bruka berre i akkurat den vara. Ved å gå ut frå at ikkje alle agentane eigde same del av kvar faktor, fann ein at det kunne oppstå både vinnarar og taparar innad i kvart enkelt land ved å begynne å handle med andre land. Det var likevel teoretisk mogleg å omfordele inntekt i landet på ein slik måte at alle tente på det.

Heckscher-Ohlin[endre | endre wikiteksten]

Heckscher-Ohlin er kanskje den aller best kjende modellen for handel. Fokuset er på ulik faktortilgang i ulike land. Til dømes kan eit land ha relativt mykje arbeidskraft og eit anna relativt mykje kapital. Fram til 1970-talet meinte ein at denne teorien kunne forklare det aller meste av den handelen ein såg i verda. Modellen viste at eit land ville eksportere ein type vare og importere ein annan type, og at desse varetypane ville ha ulikt faktorinnhald, altså at ei vare brukar mykje av ein faktor og ei anna mykje av ein annan faktor. Etter kvart som handelsstatistikk vart tilgjengeleg, viste det seg likevel at mykje av handelen foregjekk med variantar av like typar varer. Heckscher-Ohlin blir i dag rekna som best eigna til å forklare Nord-Sør-handel. Handelsmønsteret til Noreg kan likevel passe bra inn i teorien, sidan mykje av eksporten vår er knyta til råvarer som olje og fisk.

Ny handelsteori[endre | endre wikiteksten]

Det som ofte er kalla ny handelsteori, studerer næringsintern handel. Dette er handel med like typar varer, til dømes eksport av ein type bil og import av ein annan. Svært mykje av handelen mellom i-land er slik næringsintern handel. Dette blir forklart ved hjelp av imperfekt konkurranse og/eller skalafordelar. Nokre viktige tidlege bidrag i denne teorien kom frå James A. Brander og Paul Krugman. Krugman fokuserte på monopolistisk konkurranse, og det er denne greina av ny handelsteori som har vorte mest populær.

Andre teoriar[endre | endre wikiteksten]

Andre handelsteoriar er ny økonomisk geografi og såkalla ny ny handelsteori. Gravitasjonsmodellen er hyppig brukt i empiriske analysar. Teoriar for multinasjonale føretak har òg etter kvart vorte eit viktig supplement til handelsteori.

Handelssamarbeid[endre | endre wikiteksten]

Land kan inngå handelsavtalar med kvarandre. Meir omfattande typar samarbeid:

  • Eit frihandelsområde er eit samarbeid mellom fleire land, der medlemslanda har fjerna restriksjonane på varer produsert i dei andre landa i samarbeidet. Dette inneber mellom anna at det ikkje er toll på handel mellom landa. Landa treng ikkje å ha same tollsatsar på handel med land utanfor frihandelsområdet. Eit døme på eit slikt samarbeid er EFTA, som Noreg er med i.
  • Ein tollunion er ein type handelssamarbeid som er meir omfattande enn frihandelsområde. I tillegg til å fjerne restriksjonar på handel mellom landa, har landa felles tollsatsar på varer frå tredjeland. EU-landa har ein slik tollunion.

Handelsbarrierar[endre | endre wikiteksten]

Regulering av handel kan ta mange former, til dømes:

Ofte blir ulike typar handelsbarrierar kombinert for ein og same vara.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Førelesingar i Trade Theory and Policy, Richard Baldwin, HEI Genève, våren 2006.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]