Internasjonal telefonkode

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Internasjonal telefonkode eller landkode vert nytta når ein skal ringja med telefon over landegrensene. Ein må då fyrst tasta ein utgåande kode. I dei fleste landa (inkludert Noreg) er han lik 00. Mange land nyttar òg retningsnummer. Dersom retningnummeret byrjar med 0, vert dette ofte utelate. Eit unnatak er for retningsnummer i Italia.

For å ringja ut av Noreg må ein då tasta:

00 + internasjonal telefonkode + eventuelt retningsnummer + telefonnummer til den ein vil nå

På telefonar som har ein plussknapp, kan ein nytta denne i staden for den utgåande koden (00). Dette gjeld mellom anna mobiltelefonar.

Landkoden til Noreg er 47. Skal ein gje telefonnummeret sitt til folk som ringjer frå utlandet skriv ein +47 framfor nummeret.

Telefonkodane vert delte ut av Unionen for international telekommunikasjon i standarden E.164. Internasjonale telefonkodar vert innimellom endra.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]