International Humanist and Ethical Union

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

International Humanist and Ethical Union (IHEU), vart danna på initiativ av Julian Huxley (dåverande generalsekretær i UNESCO) i 1952. Det er ein internasjonal paraplyorganisasjon for den sekulære humanismen, med over hundre medlemsorganisasjonar over heile verda.

I Noreg er IHEU representert av Human-Etisk Forbund.

Kortfatta definisjon av humanisme[endre | endre wikiteksten]

IHEU har gjeve ut eit «Minimum Statement on Humanism» som seier at:

«Humanism is a democratic and ethical life stance, which affirms that human beings have the right and responsibility to give meaning and shape to their own lives. It stands for the building of a more humane society through an ethic based on human and other natural values in the spirit of reason and free inquiry through human capabilities. It is not theistic, and it does not accept supernatural views of reality.»

På norsk: «Humanisme er eit demokratisk og etisk livssyn, som hevdar at menneske har både rett og plikt å gi meining og form til sine eigne liv. Han står for oppbygginga av eit meir menneskeleg samfunn gjennom ein etikk basert på menneskelege og andre naturlege verdiar i ei ånd av fornuft og fri tenking gjennom menneskelege evner. Han er ikkje teistisk (gudebasert) og godtek ikkje overnaturlege skildringar av røynda.»

Humanistisk identitet[endre | endre wikiteksten]

Framståande medlemer av IHEU går inn for følgjande punkt for å fremje ein humanistisk identitet (Kjelde: [1]):

  • Bruk av ordet Humanisme med stor bokstav utan adjektiv framanfor.
  • Bruk av symbolet Happy Human.
  • Sjå Humanismen som eit livssyn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Svensk wikipedia.