International Ultraviolet Explorer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Illustrasjon av IUE i bane kring jorda

International Ultraviolet Explorer (IUE) var eit romteleskop som observerte i det ultrafiolette. Det var eit samarbeidsprosjekt mellom NASA, ESA og Storbritannia. Teleskopet hadde ein spegel på 45 cm og vart skote opp i 1978. Det var verksamt til det vart sett ut av drift i 1996, noko som gjer det til mellom dei lengstlevande astronomiske romfartøya nokosinne.

Teleskopet gjekk i ein elliptisk geosynkron bane i ei høgd på mellom 26000 og 45000 km og med ei helling på 28,4° til ekvator. I fyrstninga vart observasjonstida delt mellom deltakarlanda etter bidrag; NASA fekk to tredelar av tida medan ESA og Storbritannia fekk ein sjettedel kvar. Etter 1981 vart den felleseuropeiske observasjonstida tildelt etter vitskapleg tyngd åleine.

Då prosjektet var over hadde teleskopet utført 104 000 ultrafiolettte observasjonar. IUE observerte mellom anna mange kometar og atmosfærane til dei store gassplanetane i solsystemet. Teleskopet gav i tillegg innsikt i stjernevinden og energitransporten i atmosfærane til varme og massive stjerner, og andre astronomiske fenomen som til dømes Seyfert-galaksar og kvasarar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen baserer seg på artikkelen «International Ultraviolet Explorer» s. 201 i Philip's Astronomy Encyclopedia gjeven ut i 2002.