Verdas naturvernunion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Verdas naturvernunion

Typeinternasjonal organisasjon
Skipa1948
HovudkontorGland
Verkeområdeverdsfemnande
Omsetjing148 000 000 US-dollar (2019) Sjå dette på Wikidata
Tilsette1 100 Sjå dette på Wikidata
Nettstadhttps://www.iucn.org Sjå dette på Wikidata

Verdas naturvernunion eller Den internasjonale naturvernorganisasjonen (IUCN) (International Union of Conservation of Nature, IUCN) er ein internasjonalt organisasjon for naturvern. Han vart skipa i 1948 og har hovudsete i Gland i Sveits.

Oppgåva for IUCN er å oppmuntre og påverke avgjerder og å assistere verdssamfunnet til å ta vare på heilskapen og variasjonen i naturen, og å tryggje at utbytting av naturressursar er rettferdig og berekraftig. Han organiserer eit nettverk for miljøarbeidet i meir enn 80 regjeringar, meir enn 110 offentlege byrå og meir enn 800 ikkje-statlege organisasjonar. Nettverket kan engasjere 10 000 frittståande ekspertar og vitskapsfolk i meir enn 180 land.

IUCN tilrår nye medlem på UNESCO si verdsarvliste over natur- og kulturminne. Organisasjonen er òg kjent for arbeidet med å redigere ei global raudliste over trua plante- og dyreartar. Den nasjonale raudlista frå 1998 og Norsk Raudliste 2006 er sett opp ut frå kriteria til IUCN.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

På engelsk har dei brukt namnet World Conservation Union sidan 1990, men det fulle namnet og akronymet er ofte brukte ved sida av kvarandre sidan mange kjenner organisasjonen som IUCN. På norsk er namna IUCN, Verdas naturvernunion og Den internasjonale naturvernorganisasjonen brukte i media.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Verdas naturvernunion