International Union of Geological Sciences

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

International Union of Geological Sciences (IUGS, «Den internasjonale unionen for geologiske vitskapar») er ein av dei største ikkje-statlege forskingsorganisasjonane i verda og har i dag 117 medlemsland. Fortida held sekreteriatet til i Trondheim ved Noregs geologiske undersøkingar (NGU). Organisasjonen vart etablert i 1961.

IUGS er medlem av International Council of Scientific Unions. IUGS støttar arbeidet med å utvikle geovitskapane gjennom å støtte vitskaplege studiar i heile verda. Ein skal nytte desse resultat for å bevare det naturlege miljøet på jorda, nytta naturressursane på jorda på ein klok måte og betre velstanden for land og livskvaliteten til alle menneske. Ein skal òg auke folk sitt medvit om geologi.

I lag med UNESCO har organisasjonen såkalla Joint programs. Desse er til dømes International Geoscience Programme (IGCP), UNESCO Geopark Network og IGC, International Geological Congress, den største internasjonale geologiske kongressen i verda.

Ein har òg gjort ulike initiativ for å spreie geovitskap, som til dømes International Year of Planet Earth, 2007-2009. SN si generalforsamling avgjorde i 2005 at 2008 skulle vere geovitskapen sitt år.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]