International Weddell Sea Oceanographic Expeditions

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

International Weddell Sea Oceanographic Expeditions eller IWSOE (Dei internasjonale oseanografiske ekspedisjonane i Weddellhavet) var ei rekkje forskingsekspedisjonar til Weddellhavet som starta i 1967, og som omfatta eit samarbeid mellom Noreg, Canada, Chile og USA.

Isfjell i Weddellhavet under Shackleton-ekspedisjonen i 1916

Weddellhavet er ein del av Sørishavet og er eit unikt forskingsmiljø. Utstrøyming av botnvatn frå Weddelhavet og er ei stor kjelde til djuphavsvatn og endringar som påverkar danninga av desse vassmassane vil kunne få ein effekt på sirkulasjonen av djuphavsvatnet globalt.[1] Weddellhavet er kring 1400 meter djup på det djupaste og er eksepsjonelt klårt. Ein secchidisk var mogeleg å observere på 80 meters djupne i Weddellhavet den 13. oktober 1986, det djupaste som nokon gong er registrert og den teoretiske maksimalverdien for absolutt reint vatn.[2] Mykje av den sørlege delen av sjøen er permanent dekt av is, Filchner-Ronne-isen, som kan vere opp mot 600 meter tjukk.[3]

IWSOE-prosjekta har involvert forskjellige institusjonar og dekka ei rekkje fagfelt.

Til dømes studerte i 1969 forskarar frå Universiteta i Bergen og Minnesota i Connecticut og California i Los Angeles (USA), og den amerikanske kystvakta si oseanografiske avdeling formasjonen av antarktisk botnvatn, tettleike og mangfaldet av djuphavs botnfauna, populasjonsdynamikken til antarktiske selar og sedimentasjonsprosessar i Weddellhavet, og utførte fysiske, kjemiske og fotografiske oseanografiske målingar.[4]

I tillegg har det vore forska på havstraumar i Weddellhavet og biologien til kril.

Ekspedisjonane vart i starten leia frå USCGC «Glacier», ein isbrytar som var tilpassa oseanografisk forsking i 1968 og vart det første skipet som kryssa Weddellhavet frå kanten av pakkisen til den kontinentale landmassen.[4][5][6][7][8] På den tida var «Glacier» den største isbrytaren i verda.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "The Antarctic CORC/ARCHES Expedition - Reports From the Field, week of 7 May 2003", Columbia University Earth Institute News, posted 04/10/03, henta 13. januar 2014
  2. W.W.C. Gieskes, C. Veth, A. Woehrmann and M.Graefe, EOS, 1987, reported at the The Secchi Dip-In website Arkivert 2011-07-19 ved Wayback Machine., henta 13. januar 2014
  3. "Antarctic Ice Velocity Data", National Snow and Ice Data Center, Antarctic Glaciological Data Center Arkivert 2014-01-14 ved Wayback Machine., henta 13. januar 2014
  4. 4,0 4,1 Introduction, page 1, "Oceanography of the Weddell Sea in 1969" by Gary L. Hufford and Lcdr. James M. Seabrooke, United States Coast Guard Oceanographic Report No. 31, publ. Washington DC, Feb. 1970, vitja 1. mars 2011
  5. 5,0 5,1 «Har du møtt Peder pingvin?» [CMR Årsrapport 07] (PDF). CMR Annual report 07. Historikk (Bergen, Norway: Christian Michelsen Research AS): 24. 2007. Henta 13. januar 2014. 
  6. Michel, Robert L. (1978). «Tritium Distributions in Weddell Sea Water Masses». Journal of Geophysical Research 83 (C12): 6192–6198. 
  7. Ross, Robin M.; Eileen Elizabeth Hofmann; Langdon B. Quetin (1996). Robin M. Ross; Eileen Elizabeth Hofmann; Langdon B. Quetin, red. Foundations for ecological research West of the Antarctic Peninsula. American Geophysical Union. s. 6. ISBN 978-0-87590-891-5. Henta 13. januar 2014. [daud lenkje]
  8. Fred's Place website USCGC Glacier Archive, personal report by SO1 John Murphy of Glacier's 1968 IWSOE Weddell Sea voyage, henta 13. januar 2014