Intersoneturneringane i sjakk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Intersoneturneringane var sjakkturneringar som Verdssjakkforbundet FIDE arrangerte kvart tredje år frå 1948 til 1993.

Intersoneturneringane var ein del av kvalifiseringa fram til verdsmeisterskapen i sjakk. Ein VM-syklus var over 3 år. Det første året heldt kvart medlemsland i FIDE nasjonale kvalifiseringar til soneturneringane. Verda var delt inn i soner, som bestod av fleire land. Dei to store sjakknasjonane Sovjetunionen og USA var eigne soner, og arrangerte eigne soneturneringar. Opphavleg var til dømes heile Sør- og Mellom-Amerika ei sone, medan det ikkje var nokon sone for Afrika eller Asia, då det ikkje var medlemsland i FIDE frå desse kontinenta.

Dei beste spelarane frå soneturneringane kvalifiserte seg til intersoneturneringa. Til å begynne med hadde intersoneturneringane frå 20 til 24 deltakarar, som spelte alle mot alle. Dei beste i intersoneturneringa, i ein del år dei 6 beste, kvalifiserte seg for kandidatturneringa året etterpå. Der møtte dei vanlegvis nr 2 i den førre kandidatturneringa og taparen frå førre VM, til ei turnering alle mot alle eller til ei utslagsturnering med tvekampar. Vinnaren av kandidatturneringa møtte verdsmeistaren til VM-kamp året etterpå. Same året begynte syklusen på nytt med nasjonale turneringar og soneturneringar.

Intersoneturneringar vart haldne kvart tredje år frå 1948 til 1993. Men frå 1972 var det blitt mange fleire gode spelarar rundt om i verda, og nye sjakknasjonar kravde å få vere med. Her vart fleire soner og fleire soneturneringar som kvalifiserte for intersoneturneinga. Turneringa var dermed blitt for stor og dyr å arrangere, og det var også upraktisk at alle spelte mot alle i så store turneringar. Så frå 1973 vart det arrangert 2 intersoneturneringar, der dei tre fremste i kvar kvalifiserte seg til kandidatturneringa. Frå 1982 vart det arrangert tre intersoneturneringar, der dei to fremste i kvar kvalifiserte seg til kandidatturneringa. Den vidare auken i deltakinga medførte at intersoneturneringa i 1990 og 1993 vart arrangert som ei turnering igjen, men då etter sveitsarsystem.

Den siste FIDE intesoneturneringa var i Biel i 1993, vunne av Boris Gelfand. Den kortliva organisasjonen PCA Professional Chess Association heldt også ei intersoneturnering i 1993, men då utan den kvalifiseringa som FIDE hadde i sitt system.

Oversikt over intersoneturneringane[endre | endre wikiteksten]

Saltsjöbaden 1948
20 spelarar, enkel alle mot alle, 8 gjekk vidare | Bronstein, Szabo, Boleslavsky, Kotov, Lilienthal, Najdorf, Ståhlberg, Flohr,

Stockholm 1952
21 spelarar, enkel alle mot alle, 8 gjekk vidare | Kotov, Taimanov, Petrosjan, Geller, Averbakh, Ståhlberg, Szabo, Gligoric

Göteborg 1955
21 spelarar, enkel alle mot alle, 9 gjekk vidare | Bronstein, Keres, Panno, Petrosjan, Geller, Szabo, Filip, Pilnik, Spasskij

Portorož 1958
21 spelarar, enkel alle mot alle, 6 gjekk vidare | Tal, Gligorić, Petrosjan, Benko, Olafsson, Fischer

Stockholm 1962
23 spelarar, enkel alle mot alle, 6 gjekk vidare | Fischer, Geller, Petrosjan, Korchnoi, Filip, Benko

Amsterdam 1964
24 spelarar, enkel alle mot alle, 6 gjekk vidare | Smyslov, Larsen, Spasskij, Tal, Ivkov, Portisch

Sousse 1967
23 spelarar, enkel alle mot alle, 6 gjekk vidare | Larsen, Korchnoi, Geller, Gligorić, Portisch, Reshevsky

Palma de Mallorca 1970
24 spelarar, enkel alle mot alle, 6 gjekk vidare | Fischer, Larsen, Geller, Hübner, Taimanov, Uhlmann

Leningrad 1973
Petropolis 1973
To turneringar med 18 spelarar, enkel alle mot alle; 3 gjekk vidare frå kvar | Korchnoi, Karpov, Byrne; Mecking, Portisch, Polugaevsky

Biel 1976
Manila 1976
To turneringar med 20 spelarar, enkel alle mot alle; 3 gjekk vidare frå kvar | Larsen, Petrosjan, Portisch; Mecking, Polugaevsky, Hort

Riga 1979
Rio de Janeiro 1979
To turneringar med 18 spelarar, enkel alle mot alle; 3 gjekk vidare frå kvar | Tal, Polugaevsky, Adorján; Portisch, Petrosjan, Hübner

Las Palmas 1982
Moscow 1982
Toluca 1982
Tre turneringar med 14 spelarar, enkel alle mot alle; 2 gjekk vidare frå kvar | Ribli, Smyslov; Kasparov, Beliavsky; Portisch, Torre

Biel 1985
Taxco 1985
Tunis 1985
Tre turneringar med 16–18 spelarar, enkel alle mot alle; 4 gjekk vidare frå kvar | Vaganian, Seirawan, Sokolov, Short; Timman, Nogueiras, Tal, Spraggett; Yusupov, Beliavsky, Portisch, Chernin

Subotica 1988
Szirák 1988
Zagreb 1988
Tre turneringar med 17–18 spelarar, enkel alle mot alle; 3 gjekk vidare frå kvar | Sax, Short, Speelman; Salov, Hjartarson, Portisch; Korchnoi, Seirawan, Ehlvest

Manila 1990
64 spelarar, sveitsarsystem, 11 gjekk vidare | Gelfand, Ivanchuk, Anand, Sax, Short, Korchnoi, Hübner, Nikolić, Yudasin, Dolmatov, Dreev

FIDE Biel 1993
73 spelarar, sveitsarsystem, 10 gjekk vidare | Gelfand, Van der Sterren, Kamsky, Khalifman, Adams, Yudasin, Salov, Lautier, Kramnik, Anand

PCA Groningen
54 spelarar, sveitsarsystem, 7 gjekk vidare | Adams, Anand, Kamsky, Kramnik, Tiviakov, Gulko, Romanishin

Kjelder[endre | endre wikiteksten]