Interstellar Boundary Explorer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Teikning av IBEX

Interstellar Boundary Explorer (IBEX) er ein NASA-romsonde som kartlegg grensa mellom solsystemet og det mellomstellare rommet. Han blei skoten opp 19. oktober 2008.

Sonden har ein storleik lik eit vanleg busshjul. Han byrja oppskytinga si frå Kwajalein-atollen i Marshalløyane ombord i eit fly som bar med seg ein Pegasus-rakett. Pegasus-raketten vart sleppt frå flyet og tok IBEX ut i verdsrommet der ein rakettmotor som IBEX sjølv har plasserte sonden i ein sterkt elliptisk jordbane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]