Interstellar Overdrive

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Interstellar Overdrive
Song av Pink Floyd
frå albumet The Piper at the Gates of Dawn
Utgjeve 5. august 1967
Innspelt februar-juni 1967
Sjanger Psykedelisk rock, space rock, progressiv rock, instrumental rock, jam rock
Lengd 9:41
16:52 (London '66–'67)
Selskap Columbia/EMI (UK) Capitol (US)
Produsent Norman Smith

«Interstellar Overdrive» er ein psykedelisk instrumental av Pink Floyd frå albumet deira The Piper at the Gates of Dawn frå 1967. Songen varer nesten ti minutt, men ein lenger versjon vart spela inn tidlegare som filmmusikk for Tonite Let’s All Make Love in London, som kom same året. Albumversjonen er spelt inn 16. mars 1967 med ekstra musikalske tillegg i juni same året.

«Interstellar Overdrive» var ein av dei aller første psykedeliske instrumentalimprovisasjonane som vart spelt inn av eit rockeband, og vert sett på som Pink Floyd sitt første steg inn i space rock (i lag med «Astronomy Domine»), sjølv om bandet seinare kritiserte dette uttrykket. Songen skildrar godt korleis konsertane til Pink Floyd var på denne tida, men skil seg frå resten av albumet med sin fritt format-struktur. Konsertversjonane av songen hadde mange fleire parti som ikkje vart brukt i versjonen på albumet, og kunne ofte vare meir enn 20 minutt. Då bandet spelte på undergrunnsklubbar i London, som UFO Club, opna dei som regel med denne songen. Songen vart sist spelt på konsertar i 1970, og då som ekstranummer.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Opninga av songen er eit fallande gitarriff, som dei forskjellige instrumenta etter kvart spelar med på. Riffet glir gradvis over i improvisasjon i forskjellige modalskalaer, kjappe tonar på Farfisaorgelet og rolege mellomspel. Songen får gradvis mindre og mindre struktur og tempo med rare gitarlydar. Mot slutten av songen går bandet gradvis over til hovudtemaet igjen, som går langsamare og langsamare før songen sluttar.

Riffet hadde sitt opphav i at manageren til Pink Floyd, Peter Jenner prøvde å nynne ein song han ikkje kunne hugse namnet på (som seinare viste seg å vere Love sin coverversjon av «My Little Red Book»). Barrett følgde nynninga til Jenner med gitaren, og brukte det som grunnlag for melodien i «Interstellar Overdrive».

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Det finst fleire andre versjonar av songen. Ein tidlegare versjon vart spelt inn i januar 1967 for filmen Tonite Let’s All Make Love in London, og varer nesten 17 minutt. Særleg dei første partia av songen vert ofte rekna for å vere betre enn albumversjonen, men vert etter kvart meir langtekkeleg. Ein annan versjon som kom seinare vart spelt inn for konsertalbumet Ummagumma, men vart ikkje brukt på grunn av dårlegare lydkvalitet enn dei fire andre songane som hamna på albumet.

Studioversjonane er òg gjeve ut på samlealbuma Relics og A Nice Pair.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]