Introitus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Introitus, av latin 'inngang', er namnet på det første leddet i den katolske messa. Introitus er samansett av

a) ein antifon, oftast eit vers eller to frå dagens epistel
b) eit vers frå ein davidsalme etterfulgd av
c) Gloria Patri før
d) antifonen vert gjenteken.

Opphavleg vart introitus sungen medan prosesjonen med presteskapen gjekk inn i kyrkja. Introitus kom inn i liturgien på 400-talet, den første tida vart det sungen ei heil davidssalme, som gjennom tida var nedkorta. Det finst mange ulike melodiar til introitus, ofte vert gregoriansk song nytta.

I den lutherske kyrkja brukast i staden for det katolske introitus ein inngangssalme som vert sungen på morsmålet. Tematisk kan likevel desse inngangssalmene ta opp i seg trekk frå dei bibelske salmane som vert bruka i det katolske introitus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]