Invasjonen av Guadeloupe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Invasjonen av Guadeloupe
Del av sjuårskrigen
Plage Feuillere.jpg
Dato 22. januar til 1. mai 1759
Stad Guadeloupe i Vestindia
Resultat Britisk siger. Guadeloupe okkupert av britane fram til 1763.
Partar
Union flag 1606 (Kings Colors).svg Storbritannia Pavillon royal de France.svg Frankrike
Kommandantar
Peregrine Hopson
John Barrington
Nadau du Treil
Maximin de Bompart

Invasjonen av Guadeloupe var ein militæroperasjon frå januar til mai 1759, som ein del av sjuårskrigen. Ein stor britisk styrke kom til Vestindia for å ta dei franske områda her. Etter ein seks månadar lang kamp for å erobre Guadeloupe overgav øya seg, berre dagar får ein stor fransk styrke kom til øya under admiral Maximin de Bompart.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

For å avleie franske troppar frå Tyskland, valte William Pitt å gå til åtak mot Frankrike der dei kunne. Britiske troppar vart sendte til den franske kysten for å gå til åtak på St. Malo og Cherbourg. Ein ekspedisjon i Vest-Afrika erobra ein fransk slavestasjon i Senegal. I Nord-Amerika vart ein styrke sendt ut for å ta Louisbourg og Quebec. I India vann Robert Clive vann slaget ved Plassey.

I 1759 retta Pitt merksemda si mot Vestindia, særleg Martinique og Guadeloupe. Generalmajor Peregrine Hopson, som hadde vore guvernør i Nova Scotia før krigen braut ut, vart utpeikt som øvstkommanderande, og oberst John Barrington, ein lågare offiser, vart valt som nestkommanderande. 12. november 1758 sette åtte linjeskip ut under kommandør Hughes av stad og segla i medvind mot vest. 3. januar 1759 nådde den britiske ekspedisjonen Barbados der kommandant John Moore venta med to linjeskip for å ta kommandoen av flåten. Totalt hadde ekspedisjonen 6800 mann.

Forsøk mot Martinique[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå invasjonen av Martinique i 1759.

Hovdmålet for åtaket var Martinique. Hopson gjekk i land med troppane sine nær Fort Royal og kjempa eit slag mot franskmennene, der 100 britar vart skadde eller døde. Terrenget føre dei vart rekna for altfor vanskeleg, og dei sendte derfor soldatane om bord igjen med ein gong. Britane vurderte å gå i land ved Saint-Pierre, men forsvaret her var så sterkt at Hopson valde å forlate Martinique og halde fram mot Guadeloupe.

Åtaket mot Guadeloupe[endre | endre wikiteksten]

Kart over Guadeloupe

Flåten segla til Basse-Terre og 22. januar opna dei eld mot byen og la han i grus.[1] Ved daggry 24. januar gjekk dei britiske troppane i land, og flytta seg 5 km innover i landet der dei møtte ei fransk stilling i eit kupert fjellterreng.

Då dei var komen så langt hadde britane alt 1500 sjuk menn. Helsa til Hopson vart òg raskt dårlegare og vart inaktiv. 27. februar døydde Hopson og Barrington overtok kommandoen. Den britiske styrken var no nær utsletta. Meir enn 600 sjuke soldatar måtte sendast til Antigua, og 1600 andre stod framleis på sjukelista. Resten av styrken vart raskt så dårleg at det var vanskeleg å finne nokon til å gjer dei daglege gjeremåla.

Samstundes hadde John Moore sendt skipa sine rundt til Fort Louis. Dei gjekk til åtak mot fortet, som raskt overgav seg, og oppretta ein garnison her på 300 mann.

Barrington gjekk så raskt til åtak mot franskmennene og angreip frå tre sider. Britane tvinga den franske guvernøren Nadau du Treil til å overgje seg 1. mai 1759.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Øya hadde vorte erobra, men klimaet vart ikkje betre. Mot slutten av 1759 hadde nesten 800 offiserar ogmenn i garnisonen døydd på Guadeloupe. Øya vart gjeven tilbake til Frankrike etter Paris-traktaten i 1763.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. McLynn s.109