Investering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ei investering er ei utgift som er forventa å leie til framtidig utbyte. Det finst fysiske investeringsobjekt, som infrastruktur, bygg og maskiner, og abstrakte.

Investeringsanalyse[endre | endre wikiteksten]

Når ein investor skal vurdere om eit investeringsalternativ er lønsamt eller avgjere kva for eit investeringsalternativ som er best, vert det gjort ein investeringsanalyse. Dette kan gjerast på fleire ulike måtar, og er delvis avhengig av kor grundig ein ynskjer å vere og kva saka inneber.

Avbetalingsmetoden[endre | endre wikiteksten]

Avbetalingsmetoden eller å betale i avdrag er den enklaste investeringsanalysen og den mest intuitive. Ein reknar ut kor lang tid det kjem til å ta før den auka inntekta / minska kostnaden har kompensert for kostnaden av investeringa. Til dømes: Viss investeringa kostar 50 000 kr og kjem til å gje ein auka gevinst på 10 000 kr per år er avbetalingtida fem år. Ulempa med avbetalingsmetoden er at han ikkje tek omsyn til at pengar er meir verde i dag enn om nokre år. Fordelen med han er som sagt at han er enkel og kan fungere bra som ei grovsortering eller for ein privatøkonomi.

Noverdimetoden[endre | endre wikiteksten]

I noverdimetoden reknar ein ut noverdien av dei framtidige utgiftene og verdien av inntektene i dag ved hjelp av ei diskonteringsrente. Diskonteringsrenta vert gjerne rekna ut utifrå ei risikofri rente + risikopremien. Den risikofrie renta er den avkastninga vi kan få på sikre verdipapir, gjerne 10-års statsobligasjonar. Risikopremien er den ekstra avkastninga som investorane vil krevje for å gjere investeringa.

Internrente metoden[endre | endre wikiteksten]

Ved internrentemetoden brukar ein same framgangsmåte som ved noverdimetoden, men ein prøver å finne den renta som gjer at investeringa vert 0. Denne renta kan finnast ved hjelp av ein finansiell kalkulator eller manuell testing av verdi fram til ein treffer den rette. Internrenta vert gjerne brukt for å utelukke gjensidig utelukkande alternativ.