Ioánnina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ioánnina
Lokalt namn: Ιωάννινα
Utsyn over byen og Pamvótidasjøen med øya.
Utsyn over byen og Pamvótidasjøen med øya.
Geografi
2011 Dimos Ioanniton.png
Stad Ípiros
Koordinatar 39°40′N 20°51′EKoordinatar: 39°40′N 20°51′E
Areal 402,0 km²
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Ípiros
Ioánnina
Hovudsete Ioánnina (65 574 innb.)
Demografi
Folketal 112 486 (2011)
Folketettleik 278,9 /km²

Ioánnina (gresk Ιωάννινα, arumensk Ianina, albansk Janinë), og kalla Jánnena (Γιάννενα) eller Jánnina (Γιάννινα), er ein by og ein kommune i periferieininga med same namn i Ípiros nordvest i Hellas med eit storbyområde på om lag 100 000 innbyggjarar. Han er hovudstad i både periferieininga Ioánnina og periferien Ípiros, og ligg på vestsida av Pamvótidasjøen. Ioánnina ligg 450 km nordvest for Aten, 290 km vest for Thessaloníki og 80 km aust for hamnebyen Igoumenítsa ved Det joniske havet

Byen er sete for Ioánnina universitet med om lag 20 000 studentar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein har funne spor av menneske her frå steinalderen for 38 000 år sidan ved nokre steinreiskap som vart funne i grotta Kastritsa.

Byen vart grunnlagd på 500-talet av den austromerske keisaren Justinian I. Han vart kalla Ioánnina, som tyder «Byen til Johannes» på gresk. Dette kom av at han var verna av apostelen Johannes. Han vart først nemnd i 527 av historikaren Prokopios som skreiv om grunnlegginga.

Byen vart erobra av normannarar i 1082 under Bohemond I av Antioka si leiing. Han reparerte dei eksisterande bymurane for å slå tilbake åtaket frå keisar Alexios I Komnenos. På 1200-talet, då despotatet Ipiros vart danna, vart Ioánnina den nest viktigaste byen, etter hovudstaden Árta. Grunnleggaren av despotatet, Mikael I Komenos Doukas tok imot flyktande austromerske familiar frå Konstantinopel etter at denne byen fall under det fjerde krosstoget. Desse flyktande familiane, i lag med nokre lokale adelsfamiliar, tok over styret i Ioánnina i 1318 og braut med Árta. Same året kom Ioánnina inn under den austromerske keisaren Andronikos II Palaiologos og litt seinare under serbarane, som på den tida hadde utvida staten sin til mykje av dei greske områda. Den austromerske keisaren gav byen mange privilegium, som vart haldne oppe av serbarane. Som følgje av dette blømde Ioánnina økonomisk og kulturelt dei neste hundreåra. I 1367 vart serbaren Thomas II Preljubović den nye overherren av Ioánnina og etter han overgav byen seg til Isau Buandelmonti (1385-1411) og Carlo I Tokko (1411-1430).

Etter Tokko sin død i 1430 vart Ioánnina ein del av Det osmanske riket, som gav byen mange privilegium mot at dei overgav seg frivillig. Desse vart kjend som Reglane til Sinan Pasha etter pashaen som gav dei rettane.

I 1611 vart byen råka av eit kraftig tilbakeslag som følgje av eit bondeopprør leia av Filosofen Dionysios (óg kalla Skylosofos), biskop av Lárisa. Opprøret enda med at alle privilegia vart fjerna til kristne innbyggjarar, som vart driven bort frå borgområdet. Frå den tid busette tyrkarar og jødar i borgområdet.

Trass i tilbakeslaget kom byen seg på fote att. Innbyggjarane haldt fram med handelen sin og handverket sitt, som tok dei til stader som Venezia og Livorno, der kjøpmenn frå Ioánnina oppretta marked og bankar.

Den store velstanden byen etter kvart fekk førde med seg stor kulturell aktivitet. På 1600- og 1700-talet vart det grunnlagd mange viktige skular, som tok over den lange tradisjonen frå tida under Austromarriket.

I 1789 vart byen senter for området styrt av Ali Pasha, eit område som inkluderte heile det nordvestlege Hellas, Thessalía og ein del av Évvia og Peloponnes. Ali Pasha, ein av dei viktigaste grekarane på 1700-talet, men hadde albansk opphav. Han heldt oppe diplomatiske forhold til dei viktigaste europeiske leiarane og hoffet hans trekte til seg mange urolege sjeler som seinare vart viktige personar under den greske sjølvstendkrigen (Georgios Karaiskakis, Odysseas Androutsos, Markos Botsaris og andre). Perioden under hans styre vert rekna som høgdepunktet i byen si historie. Ali Pasha ønska å bryte ut av Den høge porten, og i 1821 (året sjølvstende krigen braut ut) vart han dømd skuldig for landssvik og Ioánnina vart omleira av tyrkiske troppar. To år seinare vart Ali Pasha avretta i kapellet på øya i innsjøen, der han haldt tilflukt medan han venta på å få nåde frå sultanen.

I 1869 vart ein stor del av Ioánnina øydelagd av brann. Marknadsplassen vart raskt bygd opp att av den tyske arkitekten Holz og med hjelp av Ahmet Rashim Pasha, den lokale guvernøren. Samfunna med folk frå Ioánnina som levde utanlands hjelpte til med finansieringa av gjenoppbygginga av kyrkjene i byen, skular og andre flotte bygningar.

21. februar 1913 vart Ioánnina ein del av Hellas etter balkankrigane. Etter den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922 og den påfølgjande folkeutvekslinga forsvann tyrkarane og byen fekk greske flyktningar frå Vesleasia. I 1943 deporterte nazistane jødane i byen og dei fleste vart drepne.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei seks tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.

Den tidlegare kommunen Ioánnina, no kommunaleininga Ioánnina

Kjende personar frå Ioánnina[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ioánnina