Ioann av Moskva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ioann av Moskva

FødestadVologda
Daud3. juli 1589
DødsstadMoskva
Helgendag3. juli

Ioann av Moskva eller Ioann Moskovskij var ein russisk mirakelmann i Moskva, som var fødd i Vologda. I ungdomen arbeidde han på eit saltkokeri og bar vatn. Han kombinerte hardt arbeid med fastetid og bøn. Seinare kom han til Rostov og byrja å leve som ein Kristi dåre.

Han bar tunge kross på seg og ei stor jernhette på hovudet, og vart derfor kalla «Ioann – den store hetta». I Moskva gjekk han berrbeint og nesten naken sjølv då kulden var på sitt strengaste. Han føresåg store problem for Russland, urolege tider og ein invasjon frå Polen. Han sa: «I Moskva vil det kome mange synlege og usynlege demonar». Han var ikkje redd for å seie sanninga til menneske, uansett kva samfunnslag dei kom frå. Sjølv til tsar Boris Godunov sa han ofte: «Kloke hovud, tenk på Guds hendingar. Gud ventar lenge, men slår sterkt».

Akkurat før han døydde ( 1589) skal Ioann ha fått ei lækjande gåve. Ein gong på vegen frå ein katedral kurerte han ein mann som ikkje kunne røre eine foten: Ioann tråkka på foten som om han ikkje meinte det og foten vart frisk.

Ioann føresåg sin eigen død og spurte abbeden i Pokrovskij-katedralen (Vasilij-katedralen) om han kunne få ein gravstad. Han gjorde seg klar til gravferda, tok bort krossa og hetta og kasta kaldt vatn på seg tre gonger. Ioann døydde 3. juli 1589 og vart gravlagd i Pokrovskij-katedralen på Den raude plassen. Under gravferda hans skal eit menneske, som hadde lidd av ein augesjukdom i 20 år, ha vorte kurert.

Leivningane av Ioann vart oppdaga i 1672 og det vert hevda at nedbrytinga enno ikkje hadde starta. Han vart æra i Moskva som ein stor, synsk mirakelmann.

Minnefestdagar for St. Ioann[endre | endre wikiteksten]

  • Oppdaginga av leivningane: 12. juni i den julianske kalenderen, tilsvarande 25. juni i den gregorianske
  • 3. juli den julianske kalenderen, tilsvarande 16. juli i den gregorianske

Kjelder[endre | endre wikiteksten]