Iona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Iona
Lokalt namn Ì Chaluim Chille
Utsyn over St. Columba's Bay på Iona.
Utsyn over St. Columba's Bay på Iona.
Geografi
Iona is located in
Iona ()
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 56°20′ N 6°25′ WKoordinatar: 56°20′ N 6°25′ W
Øygruppe Indre Hebridane

Areal 8,77 km²

Høgaste punkt Dùn Ì (101 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region Argyll and Bute
Største busetnad Baile Mór

Demografi
Folketal 125 (2001)

Iona er ei øy i Indre Hebridane utanfor Skottland. Det gæliske namnet på øya er I Chaluim Cille, Sankt Columbas øy. Øya er lita, 8,77 kvadratkilometer, og har rundt 125 innbyggjarar. Kongane av Dalriada og seinare dei første skotske kongane er gravlagde her.

Iona er mest kjend for mellomalderklosteret sitt, som blei grunnlagd av Sankt Columba i 563. Dette og det seinare Lindisfarneklosteret skulle bli særs viktige for landet, for det var herfrå kristendommen spreidde seg til resten av Skottland.

Det var truleg her ein tok til å laga den vakre og vidkjende «Book of Kells». Etter stadige åtak frå vikingar flytta dei fleste munkane frå øya, og tok boka med seg til Kells, der dei grunnla eit nytt kloster.

Eit mindretal vart likevel igjen på Iona, og klosteret var i drift fram til reformasjonen.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

På moderne skotsk-gælisk vert Iona anten berre kalla Ì (av ei gammal gælisk form for «øy», Ì Chaluim Chille («Sankt Columba-øya») eller Eilean Idhe («Øya Ì»). Øya har òg vore kjent som Ì nam ban bòidheach, som tyder «Øya til dei vakre kvinnene». Ein innbyggjar på Iona vert på gælisk kalla Idheach. [1]

Det gæliske korte namnet Ì skapte rimeleg nok litt forvirring når det skulle transkriberast og bøyast på latin og engelsk. Bede kalla øya Hy og Hii i Historia ecclesiastica gentis Anglorum[2] og namnet Hii vert òg nytta i litteraturen i dag.[3]

Namnet «Iona» kjem av ei forvansking av Adomnán si Ioua Insulae, der «Ioua» anten har vore eit forsøk på å gje ein latinsk genitivsform av Ì eller ein variant av Ivova (= barlindstaden). På norrønt heitte øya Eyin Helga, men kan også ha vore kalla Hiey.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Iona landsbyen sett frå sjøsida

Øya Iona er rundt 1,6 km bred og 5,6 km lang med ein fast folkesetnad på rundt 125 menneske.[4] Grunnfjellet på øya er dekt av eit lag av basaltisk lava, og som andre forblåste kyststader er det særs få tre.

Det høgaste punktet på Iona er Dùn Ì på 101 meter over havet, som består av eit festningsanlegg frå jernalderen som er datert til rundt 100 f.Kr. til 200 e.Kr. På øya finn ein òg Camas Cuil an t-Saimh (Bay at the Back of the Ocean = «Bukta bakom havet») og Càrn Cùl ri Éirinn («Åsen med baken mot Irland»), som vert sagt å vere stranda der sankt Columba av Iona første gong gjekk i land på Iona.

Historie[endre | endre wikiteksten]

12.mai 563 grunnla St. Columba det som vart Iona-klosteret på øya, etter å ha reist frå heimlandet Irland. Han drev aktiv misjonsverksemd frå Iona, og spreidde kristendommen hos piktarar i delar av Skottland, men kanskje framfor alt til angelsaksarane i det nordlege England. Iona låg ikkje den gong isolert til. Tvert om låg ho midt i skipsleia for handel og trafikk med Frankrike og andre land rundt Middelhavet. Iona låg langt nord i Kongedømet Dalriada som vart styrt av syskenbarnet til Columba, Conall mac Comgail, men Beda hevdar at det var piktarkongen Brude som overlet Iona til Columba og ikkje syskenbarnet hans.[5]

Klosteret dreiv òg utstrekt kopiering av bøker, og enkelte forskarar meiner at den særs vakre Book of Kells vart laget på Iona, og så gjeve til klosteret i Kells som òg vart stifta av St. Columba. Leivningane av Columba vart flytta til Kells på byrjinga av 800-talet for å vere betre verna mot herjingane til vikingane. Klosteret vart nedlagt ved reformasjonen.

Iona vart òg gravstad for kongane av Dalriada, eit kongedømme i dagens Skottland. St. Columba krona sjølv Aedan av Dalriada i 574.

Iona kloster

Noverande aktivitet[endre | endre wikiteksten]

I 1938 grunnla George MacLeod Iona-samfunnet, som er eit økumenisk kristent fellesskap for menn og kvinner. Formålet er å samle menn og kvinner frå forskjellige kristne tradisjonar for å finne nye måtar å leve som kristne i dagens verden. Samfunnet er ei drivkraft i rørsla som søker å fremme åndelegdom frå den keltiske kristendom.

Iona klosterkyrkje trekkjer til seg både historisk interesserte turistar og pilegrimar. Det er òg ruinar av nonneklosteret ved sidan av, frå 1200-talet, med ein vakker klosterhage.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Delar av denne artikkelen bygger på «Iona» frå Wikipedia på bokmål, den 15. februar 2010.
    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
  1. Iain Mac an Tàilleir (2003). «Placenames F-J» (PDF) (på engelsk). Pàrlamaid na h-Alba. Henta 15. februar 2010. 
  2. Bede. «HISTORIAM ECCLESIASTICAM GENTIS ANGLORUM» (på latin). The latin library. Henta 15. februar 2010. 
  3. Ted Olsen: Kristendommen og kelterne (s. 108), forlaget Luther, Oslo 2008, ISBN 978-82-531-4564-8
  4. Scotland Census 2001 - analyse, arkivert frå originalen 5. april 2003, henta 15. februar 2010 
  5. Ted Olsen: Kristendommen og kelterne (s. 108)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Iona