Ionedose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ionedose er den totale ladningen av dei positive (eller negative) iona som blir frigjort i ei avgrensa luftmengd når ho blir utsett for ioniserande stråling, dividert med massen av luftmengda. Ionedose vert gjeve i coulomb/kg, C/kg. Nemninga blir no lite brukt. For ioniserande partiklar gjev ein som regel energidosen som blir målt i gray. For røntgen- og gammastråling blir nemninga eksposisjon nytta, som ofte blir målt i røntgen (R), 1 R = 0,258 mC/kg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Ionedose. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 12. november 2013 frå http://snl.no/ionedose.